Nytt frå Strandbuen
- Nicoletta strålte i TUS-musikalen – innertiar, seier publikum
- I neste uke blir matvarene dyrere: – Folk hamstrer inn tørrvarer
- Naboene klager, men kommunedirektøren mener hundepark vil løse et viktig samfunnsbehov
- Ny møteplass for seniorer – med tid til god drøs
- Øltørst mann møtte opp på butikken med kniv og gorillamaske
Ny Jøsnesposten
Denne veka kom det ny utgave av Jøsnesposten. Dersom du ikkje har fått den i postkassa, kan du lese den HER.
Det kan vere verdt å merke seg at Førjulskvelden på Mikals Laks, som skulle vere i kveld, dessverre er avlyst.
Gåvedryss til Bygdarådet
Ellen Mari Fosså i Hjelmeland Sparebank hadde ei overrasking på lur til leiar i Jøsneset Bygdaråd, Hanne Tjeltveit under julekake-arrangementet tysdag. Ellen Mari overrakte den store "sjekken" frå Hjelmeland Sparebank på kr 10 000,- frå deira gåvefond til bruk på leikeapparat på uteområdet ved Jøsneset Grendahus !
Mikals laks førjulskveld - Avlyst !
Den annonserte førjuskvelden på Mikal Laks fredag 10. desember er desverre avlyst !
MEN : dei tek i mot bestillingar på alle produkter både frå Mikal Laks, Buhagen og Dales Juletre.
Sjå "meny" på Mikal Laks si facebookside.
Koselig julekakakebakesmakekveld
Det var andre boller å bake kaker på ny-kjøkkenet på Grendahuset enn i det gamle me hadde før ! Det nye kjøkkenet er romsleg, nytt og flott. Og begge dei nye ovnane (+ Trivselstoveovnen) blei tatt i bruk, då brett etter brett etter brett var klar for steiking på tysdag kveld. Ein liten julekake-glad gjeng samlast med kvar sin store deig; og jammen fekk me trylla fram 8 ulike sorter ! Jøsnesjula er i boks !
Julekakebakesmakekveld 7.des
Velkommen til julekakebake-kveld TIRSDAG 7. DES kl 18.30 på ny-kjøkkenet på Grendahuset.
Velkommen til Førjulskveld
Mikals Laks inviterar til førjulskveld. Det blir servering av gløgg, pepperkaker og smaksprøver på laks. Det blir salg av Mikal Laks-produkter, Dale juletre og Buhagen produkt: eplemost, pinnekjøtt og fenalår av villsau og villsau skinn
Her er PLAKATEN
Program for førjulskvelden på bedehuset
Som tidligare annonsert blir det førjulskveld på Bedehuset, mandag 6. desember klokka 18.30.
Her kan du lese programmet for kvelden!