1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Heisann folkens. Me er godt inne i eit nytt treningsår, og det er på tide å fornye medlemskap Jøsneset trenigssenter.  Avgifta er kr 400,- pr år, og det gjeld kalenderåret.  Koden til inngangsdøra vil snart bli bytta ut, så dersom du fortsatt vil ha tilgang til treningsrom med utstyr/apparat og ein heil gymsal, ja då VIPPSAR du kr 400,- til Jøsneset Bygdaråd vippsnr 135092.  Deretter sender du ein SMS til Silje 950 62 607, så vil du få ny kode til døra. Me ønskjer òg nye medlemmer velkomne !

Me er glade for at folk nyttar lokala og utstyret. Bruken er tillitsbasert, og det har hittil godt svært godt ! Det er relativt ofte folk oppom og trener p
å eiga hand. 

Her er meir info om treningsrommet

Me har overskot ift medlemsinnbetaling og me ønskjer betre tilbodet for medlemmene. Me har alt fått litt ønskjer om aktuelt utstyr som manglar.  Har du idear til kva ustyr som trengs?

Send oss gjerne ei melding om det. Elles er det kjøpt inn bluetooth-høgtalar som kan benyttast av medlemmer under trening.  Me vil òg få til ein felles seniortrim ila våren. Så følg med.

Minnar òg om fellestreninga på torsdagskveldar 19.30 - som er open for alle uansett medlemskap eller ei.

Idear og innspel ift treningsrommet sendast til Svanhild 97007636 eller Silje 950 62 607.

HA EI FIN TRENING.

FaceBook
Facebook