Nytt frå Strandbuen
- Teddy Scott, deltakerrekord og marsipankake: Dette skjedde i 1985
- Kjøpte overvåkingskamera etter innbrudd – onsdag kveld kom det nye ubudne gjester
- – Håplaust at det ikkje går buss
- Det er ikke tilfeldig at den nye tatovøren og kona flyttet til Jørpeland
- Rune og Per er framleis gode kameratar etter storprosjektet – om kort tid håper dei gjestane er på plass
Straumsparing
2022 har vore eit år litt utanom det vanlege når det kjem til straumprisar.
Me i Bygdarådet ønsker difor å komme med ei oppfordring:
Me ser at det krevjer meir straum å varme opp Trivselsstova enn det gjer å varme opp Grendahuset (ikkje gymsalen).
Så oppfordringa er at dei som har anledning benytter seg av Grendahuset i staden for Trivselsstova.
På førehand takk!
Bake- og smakekveld
Liker du best å bake? Eller å smake ?? Mandag 12. desember kan du få gjere begge deler på Jøsneset grendahus !!
Det blir først baking frå kl 18.00 til ca kl 20.000: Ta med deg tomme kakeboksar og ein stor kakedeig av din ønska kakesort - (gjerne òg sorter som ikkje treng steiking i ovn) - og kom heim med x antall sortar - alt etter kor mange som møter opp. Raskt - effektivt - sosialt ! Meld frå til Svanhild 97 00 76 36 og gi beskjed om kva sort du ønskjer å ta med, så kanskje me får alle sortane i boks
Etter baksten ca kl 20.00 er ALLE velkomne
anten du har baka eller ei ! Kom gjerne berre innom for å SMAKE, PRATE og EIN KOPP KAFFE !
Velkommen til ein sosial og nyttig kveld med julekakebakesmake
Anne og Svanhild
Minner om strikkekveld
Trivselstova - Onsdag 23. november kl 19.00 - 21.00. Alle velkomne, med eller utan strikketøy
Julegrantenning 2022
Bygdarådet inviterer store og små til å vere med når årets julegran skal tennast.
Seniortreff på Grendahuset
Påmelding innan fredag 4. november til Berit mobil 97112474