Nytt frå Strandbuen
- Ville ikke fire om ferje-betaling: – Regjeringen oppfører seg som en bølle
- Se drømmemålet: Staal-spiller traff krysset fra midtbanen
- To tyveri fra båter i Strand: – profesjonelt utført
- 1-3 Staal - vanvittig scoring fra midtbanen // 1m - Madla - Staal Jørpeland - 02.05.2024
- Ask fekk prøva å lyfta lam då bondelaget inviterte barnehagane på besøk: – Det var tungt
Siste nytt
- Info frå Lnett om planlagd straumstans 12.mai
- Melding fra anlegget ved Fosså
- Me møtast på Fosstemmen 9.mai
- Hjartemarsj rundt Nullen 1.mai
- Ryddedag - oppmøte Grendahuset
- Har du bil og litt ledig tid?
- Møte på bedehuset 12. april
- Seniorlunsj 60 +
- Nytt datasenter i rute
- Stor stemning på Jøsnesmeisterskap i bordtennis
Ledig plass i kommunereformgruppa
Har du lyst å seie di meining om kommunesamanslåing?? Det er 5 ledige plasser i referansegruppa for ny kommunereform....her kan ein melde seg frivillig. Sjå HJELMELAND KOMMUNE
Nei til to ferjer
Ingen rederier er interessert i to-ferjedrift Nesvik-Hjelmeland-Skipavik står det i AFTENBLADET
Badinga snurrar og går......
.... og selfien har inntatt Fossdalen. 2-graders-bad friske på humøret, og det gjer òg varme kanelsnurrar. Ikkje akkurakt kulp-kø denne siste og litt småsure februardagen. Kalde plask og varme tankar går til den trufaste lørdagsbadar "Svanhild på Foss" - som har draska badedrakten med seg verda rundt for ikkje gå glipp av "kl-4-lørdagsbadet"....det blei nok eit solidaritetsbad i verdas høgstliggjande innsjø Titicanajsøen på snautt 4000 moh på henne. Men Pyttsann... Kogekjellå ligg på pluss åttifem og er òg snart verdensberømt. Og sjøl om Titicanasjøen har Soløya, så har me Solbygdå
Møte i dusjen
Joda, det er til tider stor møtevirksomhet i bygda, og møteromma opptekne, så torsdagskveld havna Bygderådet i dusjen i gymbygget. Ja,ja....i garderoben då; men veien var kort om ein ville kombinert møtet med ein dusj. Dei mørkegrøne 70-tals fargane på veggene og dei festlege fleirfarga 80-tals gardinene gjorde sitt til at møteeffektiviten steig. Men kaffe blei servert; og det som var tema på møtet var framtida til dei forlatte skulbygningane. Kommunen førebur ei sak om forlatte kommunale bygg i fleire bygder; og Bygdarådet har fått ein del spørsmål ift brukarar, aktivitetar, drift og økonomi knytt til bygningsmassen. Dette blir òg sak på Bygdarådet sitt årsmøte den 3.mars kl 19.00 - så møt opp og bli med å diskuter framtida til skulebygga !! NB: Årsmøtet blir IKKJE i dusjen, men i TRIVSESTOVA
Damekveld på torsdag
Det er siste torsdag i månaden og det betyr damekveld kl. 20:00 i trivselstova.
Ta med deg godt humør, så treff du Anne frå styret med kaffien klar på bordet.
Oppstart av NYE Jøsnesposten
HUSK redaksjonsmøte i kveld 18.30! På grunn av stor møteverksemd i bygda er møtet flytta til kjøkkenet v gymsalen. Alle er velkomne!