1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag og Hjelmeland Hagelag inviterer ilag til ein inspirerande kveld.

FaceBook

Gågruppa blir avlyst dei neste 5 vekene grunna treninga i gymsalen.

Helsing Styre

FaceBook

Klikk på plakaten så blir den større.

FaceBook

Det er masse snø i Jøsnesheia, og kombinert med det flotte været, er det vel verdt å ta turen oppover mot Gunlanuten på ski. Ein må opp til Krogastemmen før ein kan ta skia på , men deretter er det flotte forhold.  Opp mot Nuten går landskapet i eitt av snø; og jamnar ut dalar og søkk i terrenget. Snølaget er tjukt og hardt.  Føret varierar mellom partier med fin melissnø, partier hard skare, men òg partier med  mjuk påskesnø der sola har fått steikt utover dagen.  Tips: ikkje gå for tidleg på dagen, då er det hardt!

FaceBook

 

Onsdag 11.Mars hadde me besøk av ekteparet Liv Stenersen og Øyvind Kjus, som saman er duoen Ønskekonserten -Par i hjerter. Dei song både nye og gamle songar, samt at me fekk vera med på ein medley av refrenger som dei hadde satt saman. Det vart ein skikkeleg intimkonsert for alle 16 som møtte opp på arrangementet. Med ein lystig og humoristisktone dei imellom, vart konserten ei flott oppleving for oss alle. I pausen serverte me kaker, kaffi og saft.

FaceBook

Laurdag 21. februar hadde Jøsneset Ungdomslag årsmøte i Trivselstova, sjå ÅRSMØTEREFERAT
Laurdag 07. mars hadde ungdomslaget styremøte, og styret konstituerte seg som følgjande:

Leiar - Jon Eiane Brandal
Sekretær - Sven Gil Westersjø
Kasserar - Jonas Hjorteland Gbada
Styremedlem - Johan Fosså
Styremedlem - Joar Rosså

Varamedlem 1 - Ian Bouzane
Varamedlem 2 - Joachim Langvik

Ta kontakt på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. om du har tips/idear.

 

FaceBook
Facebook