Siste nytt
- Info frå Lnett om planlagd straumstans 12.mai
- Melding fra anlegget ved Fosså
- Me møtast på Fosstemmen 9.mai
- Hjartemarsj rundt Nullen 1.mai
- Ryddedag - oppmøte Grendahuset
- Har du bil og litt ledig tid?
- Møte på bedehuset 12. april
- Seniorlunsj 60 +
- Nytt datasenter i rute
- Stor stemning på Jøsnesmeisterskap i bordtennis
Nytt frå Bygdarådet
God debatt på Årmøtet i Bygdarådet 3.mars, og her finn du ÅRSMØTEREFERAT.
Årsmøtet gjekk gjennom og godkjende ÅRSMELDING 2014 og forslag til ÅRSPLAN 2015.
Årmøtet gjekk òg gjennom eit spørjeskriv frå kommunen om bruk/drift av skulebygningane, og her er svaret: KARTLEGGING AV GRENDAHUS.
Takk til Cesilie Wåland som gjekk ut av styret etter 2 år.
Velkommen til nytt styremedlem er Rasin Tjeltveit, og resten av styret består av Odd Fossa, leiar, Svanhild Hjorteland Gbada. sekretær, Sven Westersjø, kasserar og Unni Fossaa, Koordinator Trivselstove/Gymbygg.
Ta kontakt Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. om du har tips eller idear til Bygdarådet.
NAMNEKONKURRANSE
JØSNESET UNGDOMSLAG har bestemt seg for å skifte namn, og utlyser med dette NAMNEKONKURRANSE !! Kva skal laget heite i framtida ??? Kom med DINE FORSLAG !! ....orda ovanfor kun meint for å setje idè-myldringa i gong !! Her er alle gode, fratidsretta kreative forslag velkomne. Styret seier namnet Jøsneset Ungdomslag ikkje lengre er treffande nok, både med tanke på kven som er medlemmer og med tanke for kva laget står for i dag. Elles står det òg i formålsparagrafen til laget at laget skal arbeide for trivsel for alle aldersgrupper i bygda - og då må namnet gjenspegle aktivitetane.
Forslag til namn kan sendast inn til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Alle inviterast med dette til å kome med forslag og Leiar i JUL Jon Eiane Brandal oppmodar: vær kreative !!
SETT AV PÅSKEAFTA !
Tjolabing !!!...nå melder Ungdomslaget at dei er klar for både fest, dans og matservering PÅSKEAFTA !! Så folkens: hald av kvelden til dette ! Det meldes at Josè er booka inn som spelemann for påskeglade gjester ! Og det ryktes at revygjengen rotar fram kostymer og pusser på nye nummer......"det ryktes" iallefall. Me reknar med at det dukkar opp noko meir frå den fronten. Poenget er: Hold av hele helaftenen !
Felles trening
Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag kan nå tilby alle Jøsnesbuar felles trening i gymsalen der me i oppstarten får hjelp av Aina Fuglestein frå Stas - Ryfylke, til å sette oss i gong. Me ynskjer å tilby alle Trening, styrke og kondisjonstrening gjennom sirkeltrening, Basis Ball m.m. i gymsalen på skulen.
Velkommen på tur med Barnehagen
TIRSDAG 10. MARS skal Jøsneset Barnehage markere "Barnehagedagen 2015". Tema er Natur- og friluftsliv. Jøsneset Barnehage markerer dette med å gå på TUR TIL HÅVEHAMMAR. Start frå FOSS kl 10.00. Barnehagen inviterer opent ut: Velkommen til å bli med alle som har lyst !! Ta med kaffe og niste, så kan dette bli ein koseleg tur, med helsing Unni Fossaa, styrar i barnehagen.
MaryKay-produkt i Trivselstova
Hei! Fredag 13 mars kjem Inger Johanne her til Jøsneset igjen... Hun er konsulent for Mary Kay og vil vise oss ulike produkter for hår/hud/negler/godlukt og make up (produkter både for damer og menn) Det er muligt å få kjøpe/bestilt produkter og få gode tips og råd om pleie av huden. Så ta gjerne ein tur til Trivselståvå kl 19.00 for å ta ein titt eller rett og slett bare for kaffi og sosialt drøs.
Kjekt viss DU kommer:))
Cesilie Wåland