Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
Referat møte i bygdarådet 25.04.2022
Bygdarådet hadde eit møte mandag 25. april.
Referatet kan du lese her.
Utleigeprisar for dei ulike lokala er også oppdatert.
Du kan sjå dei nye prisane her.
På mandag blei det også arrangert Ryddedag. Bygdarådet ønsker å seie takk til alle som møtte opp og bidrog til å rydde strender og langs vegar.
Det positive er at det ser ut som om det er litt mindre søppel nå enn det har vore tidligare om åra. Me får håpe at det held fram!
Flinke, spreke folk !
Etter at koronaen slapp taket, har det auka godt på med medlemmer på treningsrommet ! Og nå i påsken har det vore svært godt besøkt. Ingen fellestreningar, men individuelle treningar basert på medlemskap og kodelås. Og så flott og fint som folk har forlatt lokalet !!! Det er supert !! Nå er påskeutvasken tatt både i gymsal, treningsrom og toaletter. Så nå er lokalet klar for meir trening. Me held fram med fellestreningar kvar torsdag 19.30, men nå når været er så nydeleg, og kveldane så lyse, så kan det hende det blir utetrening. Så dersom du møter opp, ta med uteklær, just in case !
Bli med på ryddedag!
Våren har gjort sitt inntog, og bygdarådet inviterer til å bli med på ein ryddedugnad mandag 25. april kl 17.30.
Me satsar på at godværet held fram, og at mange har lyst å bli med.
Både fastbuande og fritidsbuande er hjarteleg velkomne. Det er kjekt å endeleg kunne treffast igjen.
Påske-diskgolf på Foss
Påskeafta blir det arrangert åpningsturnering hjå Hyllehaugen diskgolf! Banen er etablert hjå Haferkamp hytteutleige på Foss, og Pål Herman og Rune Haferkamp inviterer no alle interesserte til å testa banen frå kl 12:30 påskeafta, med påfølgande turnering kl 14:30. Disk/frisbee kan lånast på staden.
Ny rekord på påskebasaren
I går, onsdag 13. april, var det påskebasar på bedehuset. Mykje folk og godt loddsalg gjorde at det kom inn i overkant av 53.000 kr. Det er heile 13.000 kr meir enn fjorårets basar, som også var rekord.
All inntekt går til drift og vedlikehald av bedehuset. Bedehusstyret er svært takksame for alle som bidrog med både lodd og gevinstar.
Det var fin song ved Tonje Elise Nordbø, og andakt ved Ine Linn Marthinsen.
Nå kan du leige kontorplass!
Mange har bidratt på dugnaden for at det nye kontorlokalet skulle bli ferdig, og jammen meg blei det ferdig i tide til påske!
Nå håper Bygdarådet at både fastbuande og fritidsbuande kan ha lyst til å leige seg ein kontorplass i det fine nye kontorfellesskapet.
Hyttefrokost på Jøsneset laurd 23 april
Hjelmeland Naturlegvis inviterar til HYTTEFROKOST på Jøsneset Grendahus laurdag 23. april.