1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Mange har bidratt på dugnaden for at det nye kontorlokalet skulle bli ferdig, og jammen meg blei det ferdig i tide til påske!
Nå håper Bygdarådet at både fastbuande og fritidsbuande kan ha lyst til å leige seg ein kontorplass i det fine nye kontorfellesskapet. 

Lars Bog er ein av dei som har hjelpt til for at alt skulle komme på plass. Han kom hit til Jøsneset som lærar for nesten 53 år sidan, og er nok godt kjent i desse lokala.

Her er han i sving for å lage ei list til å henge opp eit skulekart på veggen. Det meste av dekoren i rommet er prega av at det tidligare var eit klasserom, noko som gir lokalet eit ekstra særpreg.

Det nye kontorfellesskapet består av tre kontorplassar. Du kan lese meir om dei ulike "pakkeløysingane" for utleige her. 

 

FaceBook
Facebook