Siste nytt
Romjulstrim
Ein blir jo ganske tung og mett i romjul
og kjenner på ein bilring eller fem
når ribbefettet klistrar seg i ganen
og bukseknappen ikkje går igjen
Då kan du pakka gymbagen på onsdag
og gleda deg te støle, vonde lår
når du har teke armheving og sit-ups
for sikkert aller siste gong i år!
Det blir Romjulstrim onsdag klokka 19.30 i gymsalen! Velkommen alle Jøsnissar
Romjulsvolley
Ungdomslaget inviterar til ROMJULSVOLLEYBALL og ROMJULSPINGPONG tysdag 29. desember kl 18.00 i gymsalen.
Kom og bli med - opent for alle !! Trim av deg julefettet og ha ein aktiv og hyggelig kveld.
JØSNESET UNGDOMSLAG
Soltrimmen avsluttes
SOLTRIMMEN har vore arrangert på torsdagar for 1-10-klassingar i gymsalen. Nå melder initiativtakarane at dette tilbodet er slutt. Skulle det starta opp att, vil de melde ifrå her. Kristiane og Madelen.
Kulturprisen 2015 til Smashing Jøsneset
Les meir i dagens Strandbuen - Prisen blir delt ut av ordføraren i kveld 16.12.
Julestemning
Julestemning i heia med eit lite snødryss - her frå Gaukjen ned mot Fosstemmen og over mot Valaheia - 13 des
Full rulle med lammeruller og sylte
Lokalet på Bøen var fullt tysdagskveld - med ivrige påleggsrullerar - her den yngste garde: Kristiane som sørger for familiens julemat med god hjelp av Elise. Silje hadde handla inn masse flott kjøtmat og stilde matlokalene til disposisjon for ivrige hender. 11 stk møtte opp - og rullå gjekk i kapp med praten - og heim drog de alle med kvar sine rullar med lammerull, sylte og leverpostei ! Nok ein bit av julematen i boks altså !
Fem i boks !
Triveleg julekakebakekveld på skulekjøkkenet - her var prinsippet å ha med 1 eigen deig - og kome heim med 5 sorter i boks ! Det funka bra - i år som i fjor. Altiboxbaksten er unnagjort!