Nytt frå Strandbuen
- Adrian (20) var ein av få på sin alder på Ryfast-møtet: – Mange unge tenker ikkje på at det er dei som skal betala lengst
- Nå skal det ansettes ny fastlege – disse har søkt
- Gladmelding fra meteorologen, særlig hvis du har le for vinden
- Lei av jojoslanking tok Inger Marie grep – nå er hun 30 kilo lettere
- Denne dukket opp i Gandsfjorden – kan komme to steder i Forsand også
Siste nytt
Is i ballbingen
Kaldværet har sine føremoner - nå blir det skeiseis i ballbingen igjen!! Jostein og Sven i Jøsneset Brannvesen svingar seg her med vannsøyla og dusjar eit jamnt fint vannlag ut over heile flata. Stor tolmodighet og god tid trengs. Dei satsar på at kaldværet held og at det blir skeiseforhold i bingen til lørdag !!
Sist det var skeiseis i ballbingen var i januar 2010 - då var det mykje moro.....
Torsdagstrimmen 2016
Har du og forsetter om eit sprekt 2016? Då passer det perfekt å finna joggesko og stilla i gymsalen torsdag klokka 1930
Me håper å treffa nye og "gamle" trimmarar i kveld!
Ikkje la deg skremma av denne videoen....
https://m.youtube.com/watch?v=vg3CkeskV7c
Smarte ferjeruter !!
Det nye året har jo brakt med seg to ferjer og nye ferjeruter. Det fordrer nye rutetabellar! Me på Jøsnessiå har fått tilsendt ein smart variant som gir alle ferjeavgangar Nesvik-Hjelmeland og vidare Tau-Stavanger med forutsatt kjøretid mellom Hjelmeland og Tau på 40 minutt. Genialt, ikkje sant !! Klikk på tabellen over, så får du den komplett for heile døgnet - og alle ukedagar - så nå slepp du å sjekke to tabellar og gruble over kva ferje du rekk på Tau. Denne smarte tabellen har me fått oversendt av Christian Fredrik Wyller som raust deler den med oss (og som muligens også snekrer samen returen òg om ikkje lenge). Bravo !
To ferjer på fjorden
Nytt fjordlandskap etter 1.1.2016 - to ferjer trafikkerer nå sambandet Nesvik-Hjelmeland-Skipavik. Godt nyttår!
NYE FERJERUTER 2016 !
Etter nyttår blir det nye ferjeruter i sambandet Nesvik-Hjelmeland-Skipavik. Det blir to ferjer og mykje hyppigare og utvida ferjefrekvens. Dei nye rutene finn du hos NORLED
Viktig er det òg å merke seg presiserte ruteendringar Nyttårsafta og at ferjesambandet Sand-Ropeid opphører frå 01.01.2016 pga nye Sandsfjord bru.
Romjulstrim
Ein blir jo ganske tung og mett i romjul
og kjenner på ein bilring eller fem
når ribbefettet klistrar seg i ganen
og bukseknappen ikkje går igjen
Då kan du pakka gymbagen på onsdag
og gleda deg te støle, vonde lår
når du har teke armheving og sit-ups
for sikkert aller siste gong i år!
Det blir Romjulstrim onsdag klokka 19.30 i gymsalen! Velkommen alle Jøsnissar
Romjulsvolley
Ungdomslaget inviterar til ROMJULSVOLLEYBALL og ROMJULSPINGPONG tysdag 29. desember kl 18.00 i gymsalen.
Kom og bli med - opent for alle !! Trim av deg julefettet og ha ein aktiv og hyggelig kveld.
JØSNESET UNGDOMSLAG