1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Ryfylke Visegruppe heldt ein vakker og melodiøs konsert på Jøsneset søndag kveld.  Her var det godt samspel, herleg gitarklang og vakre tonar frå vokalistane. Konserten varte i ein god time - og her var det gjenhør med gamle slagerar heilt tilbake til 1981 - og nyare stoff.

FaceBook

Kogekjellå har òg i haust hatt flittig badebesøk.....og det er Fossdamene som er hyppigast på den iskalde dyppingå. Svanhild har vore den aller stødigaste badar utover heile hausten, og får ofte med seg nabo Ingeborg....og nå òg barnebarn frå byn siste par lørdagarWinkbrrrr - den skal tidleg krøkast som god Kogekjellebadar skal bli !  Men nå når kulden setter inn blir det kanskje enda fleire å sjå i kulpen framover !! Kvar lørdag!! Snart klar for julebadet?

 

FaceBook

KOM OG BLI MED UT PÅ TUR.

Søndag 22.november kl 11:00 inviterer Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag
alle med på fellestur til Nesdalsfjellet.

Møt opp i Nesvik v/Jørgen kl 11:00.

Helsing Styret.
FaceBook

Vinteren er rett rundt hjørnet, og jula nærmar seg med stormskritt. Trekken opp mellom golvplankane har allerede blitt merkbart kaldare, og julegåveidèane står ikkje akkurat i kø.  Kva passar vel betre enn å strikka varme sokker som kan leggast under juletreet?

FaceBook

9.klassingane Tania og Ida inviterte søndag kveld til danseforestilliing i gymsalen - Dei to har "innsats for andre" som valfag på ungdomskulen, og har brukt høstkveldar til å instruere og trene opp dansegruppa "Little Mix". Denne novemberkvelden viste LittleMix fram sine talentfulle trinn på scenen på Jøsneset - flotte, flinke jenter: to søstre frå Åsland, to søstre frå Skiftudalen,to søstre frå Foss - og så Tania frå Tonå som også var kveldens kvikke programledar, medan lillebror Aaron var kvikk sceneteknikar! Klikk på bildet over, og du får ein liten smakebit på "Royal" - ein liten dans som Ida og Tania har koroegrafert sjølv - og lært opp heile jentegjengen. Kva anna kan me seie: BRAVO  "LITTLE MIX" !!!  Og PS: etterpå serverte jentene eigenproduserte kaker!!! Takk, jenter!

 

 

 

FaceBook
Facebook