Siste nytt
- Info frå Lnett om planlagd straumstans 12.mai
- Melding fra anlegget ved Fosså
- Me møtast på Fosstemmen 9.mai
- Hjartemarsj rundt Nullen 1.mai
- Ryddedag - oppmøte Grendahuset
- Har du bil og litt ledig tid?
- Møte på bedehuset 12. april
- Seniorlunsj 60 +
- Nytt datasenter i rute
- Stor stemning på Jøsnesmeisterskap i bordtennis
Strikkekveld 23.mars
Minner om strikkekveld - Trivselstova - onsdag 23. mars kl 19.00 - 21.00
Gratulerar Eiane Gard og Buhagen !!
Foto: Hanen
Prisdryss til fruktdyrkarane på Jøsneset: Buhagen v/Jostein Hjorteland og Eiane Gard v/Jon Eiane Brandal !! Sider og eplemost herfrå held gullstandard, og er i norgestoppen!! HANEN har sammen med Norsk Eplefest kåra Norges beste eplemost, sider og fruktvin. Og dei to her tok heim 1 GULL og 2 SØLV :
EIANE GARD vant gull med "Årets nykommer med smakstilsetning" med sideren BRIST, og fikk òg gullstandard/2. premie i kategorien "Sider med smakstilsetning" for same produkt.
BUHAGEN fekk òg gullstandard med 2. premie i kategorien "Eplemost ren" med produktet Buhagen Aroma
Les meir om kåringa og kategoriane for Norges beste fruktdrikkar
Eplesiderane frå Eiane Gard blei lansert 3. mars 2022, så her gjekk det fort å få pris gitt (Foto: Eiane Gard)
Buhagen sin Eplemost Aroma, Foto: Lene Hjorteland
Produsentane har hatt godt samarbeid ut over frukthausten 2021, og alle epla er pressa og tappa på Skiftun !
Alle på Jøsneset gratulerar masse med flotte prisar. Produkta er å kjøpe lokalt (såklart) på GARDSBUTIKKEN PÅ EIANE OG PÅ KRAMBUÅ SKIFTUN !!
Tusen takk for innsatsen!
Torsdag 10. mars var det årsmøte for Bedehuset og Bygdarådet.
Denne gong blei det halde i det fine Grendahuset – der det var godt og varmt!
Hurra for Jøsnesdamene !
Gratulerar med dagen ! Me "feirar" kvinnedagen med desse friske, flotte Jøsnesdamene frå 1959 !! Bildet er teke på turistforeningshytta Sandsa påsken det året, då dei regjerte på kjøkkenet der. Fotoet stod på trykk i Stavanger Aftenblad. Kvinnene er frå venstre Marta Hauge (gift med lærar Andreas Hauge/budde på Jøsneset skule), Tomine Foss frå Krokane var sjefskokkå saman med nestekvinne i rekka: Bertha Hagen (som budde i Hagen, søster til Marton og Peder) og ute til høgre Magnhild Bergesen, datter av Magla og Olav, og som vaks opp på Asheim. Tomine blei sidan òg legendarisk for si vertskapsrolle på Stavanger turistforening si hytte på Breiborg(mellom Sauda og Røldal). Begge desse hyttene var svært populære utfartsmål på den tida. Hurra for Tomine og resten av kvinnegjengen ! Takk til Svein Hauge som sendte over bildet
Biletet er òg ei påminning om at me ønskjer fleire gamle Jøsnesbilder !!! Har du foto å sende over? Me er på jakt etter bilete frå kvardagsliv og fest, frå hendingar og landskap - alt som er med på å fortelje vår felles lokale Jøsnes-historie. Me har samla inn nokre allereie og vil "dryppe ut" litt etterkvart, og deretter legge dei under fana "Gamle bilete" - der det alt ligg nokre. Foto sendast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Minner om årsmøte torsdag 10. mars
Håper så mange som mogleg har satt av datoen 10. mars. Då er det nemlig årsmøte både for bedehuset og for bygdarådet.
Møtet startar kl 18.30 på Grendahuset.
Fint om dei som har tatt vare på papira som blei sendt ut i posten tek desse med.
Det har ikkje komt innspel om "store" saker til årsmøtet i Bygdarådet, men valnemda har sagt dei ønsker å ha eit innlegg.
Vel møtt!
Nye sider fra Eiane
I strålande vårvær kom det i dag to heilt nye typer sider for salg på Eiane gard.
Jon Eiane Brandal kunne vise fram første årgang av Fyndig og Brist.
På bildet ser du han med blomar som han fekk fra Bygdarådet.
For meir informasjon om alle produkt og tilbud kan du sjekke ut Eiane gard si facebook-side
eller heimeside.
Me gratulerer og ønsker lykke til!
foto: Hanne Tjeltveit
VINNARAR FRÅ TURPOSTANE 2021
Mon tru om det er korona som har gitt denne positive effekt? For folk går på tur i nærmiljøet som aldri før !! I 2020 var det ein auke på 1200 fleire besøkande på våre turpostar ift 2019. Nå i 2021 har det vore ein ytterlegare auke på nesten 1000 fleire besøkande. Totalt sett har det vore 6 568 stk oppom dei 10 turpostane våre. Og her er det mange som har gått veldig mange turar. I Nesvik er det nokre damer som skiljer seg markant ut ift tal signaturar i boka, og har gått uttallige gonger til Nesdalsfjellet ila året. Takka vere desse trufaste damene, har Nesdalsfjellet segla opp til å bli vår mest populære turpost med 1694 besøkande.
Av dei 6 568 besøkande er det trekt ut 13 vinnarar frå dei 10 turpostane:
Premien er ein liten tur-ryggsekk, så her kan det bli meir turgåing ! Dei som ikkje allereie har mottatt premien kan få denne ved å vende seg til Svanhild 97 00 76 36, og kan hentast på adr Skiftun 62. Me tar elles etterkvart òg kontakt med vinnarane. Gratulerar !