Nytt frå Strandbuen
- Ingen fastleger i Strand har plass til flere pasienter – så lange er ventelistene
- Tar ventelistene på alvor: Særlig 41 personer blir prioritert
- Adrian (20) var ein av få på sin alder på Ryfast-møtet: – Mange unge tenker ikkje på at det er dei som skal betala lengst
- Nå skal det ansettes ny fastlege – disse har søkt
- Gladmelding fra meteorologen, særlig hvis du har le for vinden
Siste nytt
Velkommen til hyttefrukost
Har du hytte på Jøsneset?.. eller andre stader i kommunen? Prosjektet "Hjelmeland naturlegvis" v/Hjelmeland kommune ønskjer alle fritidsbuande velkommen til nydeleg, lokal frukost laurdag 15.oktober, denne gang på solfylte Jøsneset! Du er velkommen uansett kor i kommunen du har deltids- eller fritidsbustad. Frukost blir servert kl. 10, og programmet startar kl. 10.30. Jøsneset Grendahus. Påmelding til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller tlf. 51 75 00 00 innan onsdag 12. oktober.
Program....
Vêrakåring på Foss
Søndag 2. oktober stiller 94 vêrlam til konkurranse om å bli Hjelmelands flottaste hjå Sven Westersjø på Foss. Det blir open låve og sal av grillmat frå klokka 10
Strikkekveld Trivselstova
Haustens første strikkekveld i Trivselstova onsdag 28. september kl 19.00 - 21.00.
Alle velkomne, med eller utan strikketøy
Arr: Nasjonalforeningen for folkehelse - Jøsneset Helselag
Nye vinnersjanser for Smashing-publikum
Har du tenkt deg på Smashing Jøsneset 6. august kan det lønna deg å møta opp før kl 19. Då er du nemlig med i trekninga av denne flotte drillen frå Årdal Landbruk! Det blir billettsal i døra, men du kan sikra deg billett allereie no her
Vinnersjansar ved kjøp av Smashing-billett!
Alle som kjøper billett til Smashing Jøsneset her er med i trekninga av denne flotte høggtalaren frå Power Jørpeland!
Velkommen til Hardhausen 2022
Jøsneset Helselag ønskjer velkommen til Hardhausen 2022 på søndag 1.pinsedag. Alt er i rute, heia er snøfri og fin, ein del ruter er nymerka og værmeldinga er bra !
I år skjer alt på same dag 1. pinsedag, slik "før-koronatid". Du har to muligheter for start: Start Åsland: Her vil du møte Marit frå morgonen av, men du finn òg ein plakat med info om påmelding via sms og betaling via vipps og info om parkering. Start Fosstemmen: du må GÅ for å komme deg til sekretariatet/basen ved Fosstemmen. Du kjem deg dit anten frå Foss eller Åsland, sjå TURKART JØSNESET
Her finn du MEIR INFO OM LØYPENE OG OPPLEGGET
Kom elles gjerne berre opp til Fosstemmen for å nyte dagen og få deg ein kopp kaffe, ta deg ein padletur (husk redningsvest) eit bad eller ein liten natur-quiss for barn. Svanhild og Berit har fyr på bålpannene heile dagen, så ta gjerne med grillmat ! Her er òg Røde Kors stasjonert heile dagen. Eller ta turen til Gunlabu, der Ellen Mari har "pop-up-nøtte-og saft-stasjon" denne dagen ! TREKNING AV PREMIAR SKJER KL 15.30 v/ FOSSTEMMEN.
Me håpar alle får ein nydeleg dag, anten du vel å gå langt eller kort. Husk å nyte dagen og naturen - og del gjerne gleda med oss alle:
ME INVITERAR TIL SELFIE-KONKURRANSE, SEND DIN SELFIE TIL JØSNESSIÅ v/ SOLVEIG BOG PÅ MESSENGER ELLER SMS :
Spørsmål? Ta kontakt på 97 00 76 36