1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Vårens vakraste eventyr nærmar seg - set av datoen 4.juni (1.pinsedag) - Då blir det Hardhausen og 3.nutstur på Jøsneset.

ARR: Nasjonalforeningen for folkehelsen JØSNESET HELSELAG og JØSNESET UNGDOMSLAG

I år kombinerar me arrangementet med 10-års-jubileum for den flotte gapahuken "Kalvagaren" ved Fosstemmen.
Det blir i år difor ikkje idealtid - men alle som deltar på toppturgåinga blir med i trekninga av fine premiar! Felles feiring av gapahuken "Kalvagaren" med kaker og kaffe kl 15.00 - samtidig blir det trekning av premiar og utdeling av deltakingpremiar for 1.gong og 5.gong. Me kombinerer altså fysisk aktivitet, naturglede og sosial happening på ein og same dag !

Dette er hjarta på Jøsneset - Fosstemmen 380 moh. Her ligg gapahuken der påmelding/start finn stad mellom 8.30 - 10.00 4.juni.
Her er sekretariatet på plass heile dagen og me tenner bål og lager til grillplass og det er kanoar i vatnet og fin strand til å bade frå.  Og kl 15.00 blir det altså felles feiring og premiering !  Denne gongen ønskjer me at deltakarane går opp hit òg, slik at me unngår bilkjøring opp på skogsvegen langs beitemarkene . Lettast er å gå frå Åsland på merka sti, eller god/bratt skogsveg frå Foss. Turen til start vil jo då forlenge prestasjonen - men er ein Hardhaus, så er ein Hardhaus wink


3-NUTS-TUR: Gunlanuten 829 moh Røssenibben 718 moh og Valafjellet 713 moh
HARDHAUSEN: dei 3-nutane + Norda Høgaste på Herefjellet 690 moh
 

I år har me ein alternativ start på ÅSLAND for dei som veit de skal gå alle 4 nutane, dvs HARDHAUSEN.
På Åsland vil de finne eit skilt med info på og eit telefonnummer til arrangøren. Send ein SMS frå Åsland om når du går og kven du er, så veit me at du er ute i løypa.
Då kan du følgje merka sti direkte opp til Norda Høgaste (og deretter den vanlege Hardhaus-løypa vidare). Du kan då kombinere dette med å gå innom Tausanibba, som er ein av Kodejakt-postane til Kulturkontoret.
Denne alternative starten er på ingen måte letttare, for stien går rett opp med god stigning heile vegen.

 

 

Kartet under viser den normale løypa - Det er lov å gå kor du vil - du treng ikkje følgje løypa - men dei trasèane som er vist på kartet her er godt merka i terrenget med røde merker og skilt.  Den grå linja er god skogsveg - resten er sti.  Kartet er kun eit oversiktskart.

Veldig mange tar "snarvegen" mellom Valafjellet og Røssenibben; her er det relativt god sti, men den er ikkje rødmerka. Då går ein lengre sør i terrenget og held på sørsida av Gunlavatnet.

Det er òg greitt å gå "snarveg" mellom Røssenibbdalen (omtrent der stien svingar krapt) og opp til Gunlanuten: her er terrenget opent og fint, og det er bare å gå mot toppen - ingen definert tydeleg sti her.

Det er òg andre "snarvegar" for dei som ønskjer meir spenning - men det er i seg sjølv ikkje noko poeng; for her handlar det ikkje om å gå raskast - men å gå oppom alle toppar !

 Påmelding ved Fosstemmen kl 8.30 - 10.00

Deltakar avgift er:

100kr pr pers medlem

150kr pr pers (ikkje medlem

50kr barn 1-10klasse

250kr pr familie 

 

KORLEIS KOME SEG TIL JØSNESET??
Frå Stavanger: ta Tauferja - kjør RV13 til Hjelmeland. Ferje over til Nesvik. Sving av til venstre mot Skiftun og deretter til høgre til Foss. Ca 2,5 km frå ferjekaien. Frå Suldal: kjør RV13 til Nesvik, sving av mot høgre til Skiftun og deretter til høgre til Foss

Du kan òg starte turen frå Åsland: kjør då frå Nesvik ca 3km, sving mot høgre til Åsland, følg vegen heilt til endes.

kart over halvøya Jøsneset. Startpunktet Fosstemmen 380 moh er vist med rød markør. Merka løype frå Foss og Åsland.

Toppane ligg i dei kvite/høge områda rundt startområdet. Du har utsikt mot tre fjordar; så kvar topp har flott utsikt å by på.

KLIKK PÅ KARTET UNDER, SÅ KJEM DU INN I GOOGLE-KARTET:

 

Følg med - følg med!!
Gå inn og lik Jøsneset på Facebook og følg med på eventen Hardhaus og 3-nutstur på Facebook. Her kjem det info, bilder og kart !
Set av 1. pinsedag !!

Arr: Nasjonalforeningen for folkehelse Jøsneset Helselag og Jøsneset Ungdomslag

FaceBook
Facebook