1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Bygdarådet er konstituert slik:
Leiar: Unni T Fossaa  Sekr: Rasin Tjeltveit  Kass: Marit Wyller  Innkjøpsansvarleg: Brahim Gbada.  Kontaktperson for utleige av rom: Svanhild Hjorteland 

 Bygdarådet jobbar med fleire saker for tida.
Akkurat nå er det planleggjing av dugnad på gym.bygget og uteområdet. På bygget skal det skiftast ut noko bordkledning, og på uteområdet har buskane nordvest for gamlebygget blitt fjerna. Her vil vi leggje duk underst og fylle eit lag med stein oppå med nokre buskar innimellom. Vi har fått tilbod frå ein del personar som vil vere med på jobbinga, men håpar og på at fleire melder seg. Det kan gjerast til:

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..no  v/ Unni  tlf 40394743 eller Rasin Tjeltveit tlf 41419313

Elles har vi vore i forhandlingar med kommunen om å overta bruken av skulebygningane. Vi har fått forslag til avtale, men denne blir ikkje sluttført ganske endå. Den 10. mai hadde vi den tradisjonelle ryddedagen langs vegane og på skuleområdet. I tillegg var det utvask i gym.bygget. Det blei gjort masse godt arbeid. Det var godt oppmøte. 21 personar fekk etter arbeidet servert hamburgerar, kaffi og saft.

 

FaceBook
Facebook