1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 

Jippi - det blei tog i år òg ! Ikkje Norges lengste, nei - og ikkje med ein hest i tet - Nei, med TO flotte hestar i tet - etterfulgt av eit fint lite knippe festkledde Jøsnesbuar.  Ei koseleg, roleg lokal feiring blei det - i stille lunt vær, med tale for dagen av Morten Hetland og lokale musikale innslag - og sjølvsagt lapskaus - is -  vennskaplege kappestridar, natursti, quizzar - joda, jammen er det særprega og koseleg å feire nasjonaldagen på småplasser som Jøsneset.

Dei to flotte fjordingar tok oppdraget med stoisk ro; VassendJenta med Silje som kusk og Elise som følgje i vogna - og Øyliv med Kristiane som rytter. Smashing, ikkje sant?



Multitasking-mannen frå Hjelmeland - Morten Hetland - stod for dagens tale - Kort og flott, med fine fabuleringar kring dei viktige verdiar i vårt samfunn - ytringsfriheten og demokratiet - i eit samfunn som ikkje er statisk, men stadig i endring - Og kor viktige kvar enkelt av oss - me: folket - er for å skape vårt samfunn inn i framtida !


Sjølv om 17.mai er ein dag rik på tradisjonar - er det alltid gøy med noko nytt. Men, spikring er jo ein god gammel slager på 17.mai, tenkjer du.  Men i år var det "strategisk spikring" som var tingen! Hmm....her gjaldt det ikkje nødvendigvis om å ha størst styrke og best treffsikkerhet.   Her blir reglane demonstrert......hmmmm....koss ska dette gå?


Strategi-spikring viste seg å gi interessante psykologiske utfall.....for her var det om å gjere å stå lengst med sin eigen spiker - og slå dei andre ut.....Det blei usedvanleg mykje bomspikring - noko som ikkje nødvendigvis var så dumt. Jøsnesungdommen viste seg å gjere det relativt godt på dette, og til slutt var det yngstemann av deltakarane som sikra seieren - Runar Fossaa !

 

Takk til den frivillige komiteen for ei koseleg og fin feiring! Utan frivillige ville ikkje nasjonaldagfeiringa blitt den særprega festen den er her i Norge - ikkje minst gjeld dette på små stader som Jøsneset !

HIPP HIPP !!

FaceBook
Facebook