Siste nytt
Hanne Sørvaag kjem....kjem du?
Klikk på plakaten for å få den større. Meir info følgjer etterkvart - berre hald av datoen nå !!! Dette blir kanooon - gøy
An Svein kjem.....og mange med han
Svein Hauge har ikkje berre gått på Jøsneset skule som elev, han er òg oppvaksen på skulebygget - der som nå barnehagen er! Han er dessutan son til Lærar Andreas Hauge - så Svein er karen som fekk "full dose" Jøsneset skule gjennom heile barndommen i etterkrigsåra.
Klar for ny sneglekrig
Gjer dykk klar til ny snegleaksjon !! Brunsneglane er i ferd med å ta seg opp igjen, og det må me gjere noko med i saman, om me skal klare å bli kvitt dei for godt. Silje har kjøpt inn ny dose av NEMASLUG. Nå ventar me på fuktig vær, slik at det blir lett å samle inn: me skal nemlig samle inn sneglar frå hagen - gå til Silje på Bøen og dyppe sneglefansgten i Nemaslug-blandinga, og deretter gå tilbake i hagen med "åtene". Dette er den hittil mest anbefalte metoden for å bli kvitt sneglane: les td om metoden i AFTENPOSTEN. Følg med her for meir info om når aksjonen set i gong !
Hu Anne kjeme....kjeme du?
Anne Hjorteland, her i rolla som sjølvaste Lucia, var ei av dei som opplevde det som går an på småskular som Jøsneset: å vere heilt aleine i si klasse !! Ho gjekk på Jøsneset skule på 90 talet, og er nå sjølv lærar på ein stooor skule i Stavanger. Korleis var det å vere heilt aleine i klassen? Det får du høyre frå Anne sjølv om du kjem på AVLSUTNINGSFESTEN . Me er spente på om ho møter igjen resten av gjengen frå den tida? - kanskje nokre av desse søte små englane bak henne?
Husk PÅMELDING til Svanhild: 97 00 76 36 eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Kom og bu med oss !
Det som me fastbuande i Solbygda Jøsneset ønskjer oss aller,aller mest, er fleire med-bygdingar !! Nå har du sjansen: ein flott bustadeigedom i Knutsvik er til salgs!!!Me håpar at nokon har lyst å ta turen inn til oss i vakre Ryfylke, og slå seg ned i denne fine, sosiale og spinnherlege bygda. Alt om eigedommen finn du på FINN.NO. Og alt om oss og bygdelivet på Jøsneset her finn du her på nettsida, eller ved å ta kontakt med Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..
Hardhaus og 3 Nut-tur 2014
Nasjonalforeningen Jøsneset helselag
Du har vel ikkje gløymt kva som skjer 8.juni???
Her kjem ei påminning
Dagens quiss !!
Nok eit superherleg bilde, av ein blid og nydeleg gjeng !! Men dagens quiss: kven er dei ??? Me røper litt: Det er ikkje komplett klasse/skule-bilde; for nokon manglar. Tre av gutane bur på Jøsneset, men ikkje så mange av jentene. Det er 2x3 søsken blandt dei. Kun ein av alle her er meldt på AVSLUTNINGSFESTEN - og han er nokså sentral.....Får han sjå denne glade vennegjengen igjen der ???