Nytt frå Strandbuen
- Kjøpte overvåkingskamera etter innbrudd – onsdag kveld kom det nye ubudne gjester
- – Håplaust at det ikkje går buss
- Det er ikke tilfeldig at den nye tatovøren og kona flyttet til Jørpeland
- Rune og Per er framleis gode kameratar etter storprosjektet – om kort tid håper dei gjestane er på plass
- UP kontrollerte 80-sone i tre timer – flere måtte betale
Framleis mulighet for påmelding!
Påmeldingsinfo sjå: PLAKATEN
Vegskilt og adressering
De har sikkert lagt merke til at det nå er sett opp skilt med vegnamn og nummertilvising på Jøsneset. Dette er ledd i kommunen sitt adresseringsprosjekt. Alle vil få tilsendt brev med nærare informasjon. Me har førebels fått følgjande informasjon frå kommunen om dette:
Årsmøtet Ungdomslaget
Jøsneset Ungdomslag hadde årsmøte laurdag 22.mars2014. Her finn du ÅRSMØTEREFERATET
Bli medlem i JUL
Vil du verta medlem av Jøsneset Ungdomslag?
Ungdomslaget minnar om at medlemskontigent kan innbetalast til kontonr: 3353 22 24646. Det kostar 100 kr per person. Betalingen merkes med medlemsnamn, og «Medlemskontigent 2014». Alle kan bli medlem, støtt gjerne opp! Dersom du er medlem og har idear eller ønskje om å arrangera noko sosialt i bygda, ta gjerne kontakt med oss! Mvh, Styret i JUL, Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
To skirenn på gang!
Me har fått følgjande info frå Idrettslaget:
Det er skirenn i Fjellbergskardet kl 18 i kveld onsdag 26.mars. Påmelding snarast til meg på epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.. Dette rennet blir det andre karusellrennet Hjelmeland arrangerer.
Suldal arrangerer sitt einaste karusellrenn på søndag 30.mars i Breiastøldalen kl 13. Her er meir informasjon om det.
Velkomne til renn! Venleg helsing: Hans Widerøe, Rennansvarleg, Hjelmeland IL-ski, 404 39 165
Bulystvafler på Vaffeldagen
På Jøsneset feira me Den Internasjonale Vaffeldagen 25.mars, og utvikla her oppskrifta på ei ekte "Bulystvaffel". Man tager : 1 stk Trivselstova + 45 stk Jøsnesbuar + et par koppar kaffe kvar + nysteikte vafler med rømme og syltetøy + tende stearinlys + kreativ prat rundt borda = Masse flotte bulystvafler (hjerter fylt med idèar)
Festmiddag med Eldretreffen
På Jøsneset skule driv de denne vinteren på med å gjere ting for siste gong! Mange fine tradisjonar går nå inn i historia, ein for ein. Ein av dei verkeleg trivelege tradisjonane skulen har drive med i fleire år nå, er at skulebarna lagar til eit skikkeleg middagsmåltid og ber heile Eldretreffen inn til gjestebod. Dette skjer i faget "mat og helse". Men det er ikkje berre mat de lærer om i faget; de lærer òg om å dekke bord og gjere eit måltid til ei underhaldane og god oppleving for gjestene - og DETTE er noko borna på Jøsneset skule verkeleg kan nå!