Det litt skiftande bob-bob-langfredagværet viste seg å vere som skapt for innandørsturnering i bordtennis. 47 påmeldte fordelt på 12 i ungdomsklassen, 11 i dameklassen og 24 i herreklasse. Totalt 115 kamper ble spelt.     Og her er vinnarane i dei ulike klassane: 


Vinnarane i kvar sine klassar frå v: Anbjørg, Norunn og Kurt 


Resultat ungdom: 1. Anbjørg Westersjø, 2. Fredrik Osmundsen, 3. Alfred Tesdal Nesvik, 4. Mathias Erdal
 
Resultat damer: 1. Norunn Westersjø, 2. Ingeborg Westersjø, 3. Kristiane Westersjø, Ronja Foss
 
Resultat herrer: 1. Kurt Hjorteland, 2. Jon Eiane Brandal, 3. Roar Fjermestad 4. Jan Arild Rinder. 
 
Det var ca 100 personer innom  på turneringa så det var både mykje publikum og mykje spelarar - i alle aldre. Veldig kjekt med så godt besøkt. 
 
Takk til alle som kom og bidrog til god stemning
 

Finalekamp mellom Kurt Hjorteland og Jon Eiane Brandal, der Kurt gjekk seirande ut.

 Stor interesse rundt kampoppsettet og resultatlista.

Kafeen var open under heile turneringa . Heimelaga og velsmakande. Sosialt og koseleg.

 Arrangør: Jøsneset Bygdaråd....... vel å merke under veldig stram regi/idè/utføring frå familien Westersjø frå Fosslaughing

FaceBook
Facebook