1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

På Jøsneset feira me Den Internasjonale Vaffeldagen 25.mars, og utvikla her oppskrifta på ei ekte "Bulystvaffel". Man tager : 1 stk Trivselstova + 45 stk Jøsnesbuar + et par koppar kaffe kvar + nysteikte vafler med rømme og syltetøy + tende stearinlys + kreativ prat rundt borda = Masse flotte bulystvafler (hjerter fylt med idèar)

Det var Bygdarådet som arrangerte Vaffel-treffet i Trivselstova, etter idè frå Ellen Mari - som både hadde fanga opp at det faktisk fins ein Internasjonal Vaffeldag og som sjølv stilte med vaffelrøre, vaffeljern og som steikemester.  Vaffeltreff, ja, i seg sjølv ein liten unik og enkel idè, som er lett å arrangere og lett gir stort resultat når så mange møter og pratar ilag.

Det møtte ca 45 stk; små, store, unge og gamle. Eit nydeleg vær; så barna tok vaflene med ut og leika på leikeplassen og ballbingen, medan vaksenflokken myldra om framtida inne.



Odd orienterte litt om diverse ting Bygdarådet syslar med og litt om tanken bak bulystgruppa; som hittil består av Silje, Ola og Svanhild....men som fort kan bli fleire, om fleire har lyst å bli med!!  Odd ba òg folk setje av 23 august; for då brakar det laus med både Hanne Sørvaag-konsert, volleyball og fest.


Bygdarådet og bulystgruppa ba om idèar for ulike bulyst-tema!

Oioioi: Jøsnesbuen er virkeleg kreative; nett same effekt som natron i ei vaffelrøre: idèane berre bobla opp Wink.....aktivitetsløype i skogen, Tour-de-Jøsneset,  ein benk til på Nesdalsfjellet (og helst eit bord), klatrekurs, dansespeil i gymsalen, raskt fibernett og nettbaserte arbeidsplasser, hundetreff, generasjonsmiddagar (vidareføre skulen sin tradisjon), show, forteljarstund,  bygdakveldar (òg ei vidareføring av skulen sin tradisjon), sjakk-kurs, einer-rydding......osv osv.

Altså frå det lille konkrete; til det store omfattande. Her blir me ikkje rådlause !! Bulystgruppa samla saman alle dei "nysteikte bulystvaflene" med idèane på, og skal snarleg ha møte. Tanken er at enkeltpersonar/få personar kan vere med å "dra" ulike ting alt etter interesse og lyst, og at bulystgruppa prøver å koordinere og hjelpe til. Dersom fleire har lyst å bli med; send ein e-post til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller kontakt Silje Sværen.

Ei kreativ og fin "Bulystvaffel" med idèhjerter frå jentegjengen Smile


Elles har Jøsnesbuen nå ila kvelden utvikla høgekspertise og spesialkompetanse på nettopp VAFLER. Den store vaffel-quissen viste seg å vere litt vanskeleg - det er nok sjeldan at folk går så inn i sjela og dybden på nettopp temaet VAFLER.  Men treff du ein Jøsnesbu på din veg veit han jo sjølvsagt at det var ein Kornelius som fant opp vaffeljernet og at det var 5 ulike krydder i Norges første vaffeloppskrift frå 1700-talet og at mønsteret i vaflene er enda eldre, og eigentleg kom etter idè av bikubevoks. Idear hadde de nemlig på 1200-talet også - Så det så!

Jøsnesbuen veit nå òg at verdas største vaffel er 1 m i diameter. Som om det imponerte, Neida - "pyssjdå!! ", var kommentaren då, "det er jo berre småttrier !!  DEN guiness-rekorden kan me slå !!!"

OK folkens, dette har me faktisk svart på kvitt, så herved er utfordringa gitt ....og tatt!??

 

På veg ut døra og ned skulehusbakken bobla framleis natronen i vaffelrørå.....nei, me meinar idèane bobla i flokken.....då var det kamera med handhaldne mikrofonar og nettbaserte nyheitskanalar som oppfølgjar til "smånytt" som bobla fram!!

Det boblar nok ennå!   Og ei god stund til framover !! Må vara vaflene......

 

FaceBook
Facebook