1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

På Jøsneset skule driv de denne vinteren på med å gjere ting for siste gong!  Mange fine tradisjonar går nå inn i historia, ein for ein. Ein av dei verkeleg trivelege tradisjonane skulen har drive med i fleire år nå,  er at skulebarna lagar til eit skikkeleg middagsmåltid og ber heile Eldretreffen inn til gjestebod. Dette skjer i faget "mat og helse". Men det er ikkje berre mat de lærer om i faget; de lærer òg om å dekke bord og gjere eit måltid til ei underhaldane og god oppleving for gjestene - og DETTE er noko borna på Jøsneset skule verkeleg kan nå!

 


På kjøkkenet gjekk det unna: det var ingen ferdigmat på menyen. Neida; ekte kalvesteik! Og dette var verkeleg KORTREIST kalv; for dette var kalv som har beita på jordene tett inn til skulegarden, på Bøen (så det var berre med nauå kalven har reist i det heile tatt Wink)

Elevane laga deileg saus til - og der var det ingen Toro-triks: nei, det var ekte saus heilt frå bunn av - ein kokkekunst i seg sjølv å lage slik saus utan å få den brent eller klumpete ! Kalvesteika fekk følgje av denne deilige sausen og gode poteter og rikeleg med grønnsaker. Til dessert var det heller ingen Toro-løysing. Massevis av frisk frukt var kutta i små bitar, og tilbehøret var ekte vispa råkrem - mmmmm - eggedosis og fløytekrem - mmmm!


Medan kokkane svetta over grytene, var andre i gjengen nede å pynta til i Trivselstova - her var det høge stettglas, vifteserviettar og stearinlys. Nå kan gjestene kome !

Middagen smaka aldeles deilig - Enkelte av den eldre garde er vel det som kan kallast skikkeleg drevne matekspertar; med livslang erfaring og skyhøg kompetanse: Men alle som ein i  Eldretreffen lot seg virkeleg imponere av den møre, nydelege kalvesteika - og den friske desserten med den godt matchande runde og milde råkremen attåt.   "Dette var som ein flott bryllupsmiddag", meinte gjestene.

Og Eldretreff-gjestene fekk òg underhaldning "på kjøpet" - både av barnehagebarna, frå småskulebarna og storskulebarna. Barna hadde verkeleg gleda seg til dagen - og øvd inn fleire rørande sangnummer.

 

Ein finfin tradisjon og ein unik møteplass på tvers av generasjonane er nå historie her på Jøsneset!
Dette var siste gong Jøsneset skule gjennomførte dette middagsopplegget !
Alle i Eldretreffen uttrykkjer glede for desse flotte middagstreffa dei har hatt desse åra, og takkar Jøsneset skule for opplegget. Men dei  legg heller ikkje skjul på vemodet over at dette nå var siste gong.  Slike møtepunkt har gjort bygda rik! Nå når de blir borte, blir bygda litt fattigare.

Eit verdig punktum - det var i alle fall alle einige om at det var !

Barn frå barnehagen fekk òg opp i Trivselstova å syngja litt !


Fleire foto og meir info om dette finn du på Min skule - Jøsneset

 

Foto: Solveig Bog Bouzane

 

 

 

 

 

 

 

 

 

FaceBook
Facebook