Artikkelindeks


Bygdarådet arrangererte altså fakkeltog, juletretenning og gløgg/graut-kafè i Trivselstova denne lørdagen - Nå er juletreet på plass ved branngarasjane, og "det er sunge inn" med heile to julasangar med fleire vers

wink

Inne i Trivselstova var det adventstemning, og gløggen var kokt og grauten klar.  Det blei jo sjølvsagt spenning om mandla i grauten - og den var det Annbjørg som vant !! Premien var ein Twistpose, og ho delte raust frå seg rundt heile bordet, og her tll Susanna, Hedda og Svanhild

Ja, for å få oss litt ekstra i julestemning tar me med eit bilde av gapahuken "Kalvagaren" ved Fosstemmen - som nå altså har fått pengar til vedbod og kanostativ. Så blir det enda bedre å besøke staden. Unni Fossaa i Bygdarådet nytta samtidig anledningen til å takke grunneigarane Johan og Svanhild Hjorteland som velvillig har gjort det mogleg å bygge gapahuken akkurat her. Gapahuken er til stor glede for store og små turgåerar i Fossmarka til alle årstider, og er eit flott eksempel på godt samarbeid mellom frivillige, grunneigarar og næringslivet !  Tommel opp !!

FaceBook
Facebook