Hardhausen 2024 går inn i historia som ein jubeltur i eit strålande solskinn ! 99 deltakarar på arrangementet og heile 90 stk gjekk alle 4 nutane, og kan kalle seg HARDHAUSAR. Det var ingen som gjekk 3-nutstur i år, men altså desto fleire som tok den store utfordringa med ALLE nutane.  9 stk deltok på kortare distansar.  

Bildet over er då Eirik 6 år og Nora 9 år  Laugaland kom i mål: Eirik var dermed den desidert yngste Hardhausen ! Dette prøvde han for første gong i år, og det blei full klaff!! Ikkje mange på hans alder som har tatt denne styrkeprøven ila dei 16 åra Hardhausen nå har vore arrangert  ! Godt då å ha følge med spreke storesøster Nora, som òg gjekk heile Hardhausen for første gong - Dei gjekk saman med mor Anne og far Terje på turen !

Det var òg rekordmange 1.års-deltakarar på arrangementet - Heile 35 stk - derav 32 av desse gjekk heile Hardhausen; dvs NordaHøgaste, Gunlanuten, Røssenibben og Valafjellet.  Veldig bra frammøte. Veldig bra vær. Veldig bra stemning. Veldig bra frå ende til aen. Og best av alt: Røde Kors kunne reise heim etter ein lang dag på vakt utan ein einaste skade eller uhell. Fantastisk !  Her er heile DELTAKARLISTA HARDHAUSEN 2024 

Tre deltakarar har deltatt alle 16 gongene Hardhausen har blitt arrangert: Det var Vebjørn Fosså, Jakob Hjorteland Gbada og Rick Andre Opedal - Bravo !

To deltakarar deltok i dag for 15. gong: Inge Torkel Skiftun og Lene Hjorteland - dei fekk krus og T-skjorte

Ein deltakar deltok for 10. gong og fekk krus: Ronja Foss. 

Fem deltakarar deltok for 5. gong og fekk T-skjorter: Siri Mona Damsgård, Kjetil Laugaland, Gro Helland, Tom Steinar Nærheim og Jarle Våge

Og altså heile 35 stk 1.gongsdeltakarar som fekk krus 

Det blei trekt ut to hovudpremier blandt Hardhausane: To hengekøyer. Dei gjekk til Terje Laugaland og Kjetil Skogen.
I tillegg blei det trekt ut fleire deltakararpremiar blandt alle på deltakarlista :powerbankar frå Hjelmeland Sparebank og koppar frå Nasjonalforeningen for folkehelsen

To blide karar i et godt team: Inge Torkel Skiftun har gått Hardhausen heile 15 gonger, og fekk både T-skjorte og kopp.  Ole Geir Åsland gjekk Hardhausen for første gong, og fekk dermed 1.gongs-krusa !  

Team Tjeltveit fullførte med stil - Heile 11 stk gjekk ilag - og alle kan kalle seg Hardhausar.  Nokre gjekk for første gong, medan andre var meir drevne i løypene !

 

Deltakarane er sjølvsagt viktigaste på ein slik dag - eg me roper hurra for alle sprekingane som deltok.  Men utan ein arrangør, ingen Hardhaus.  Her er den frivillige gjengen som stod bak arrangementet, som blei gjennomført på 16 år på rad.  Frå venstre Marit Wyller, Ellen Mari Fosså, Berit Torgersen Skiftun og Svanhild Hjorteland Gbada. Dei hadde òg med seg Joar Rosså på saft/nøttestasjon Gunlabu og gode kaffekokerar/medhjelparar : Odd, Oddvar og Brahim. Og i tillegg deltok Røde Kors på arrangementet heile dagen.    

På Gunlabu fekk deltakarane saft og nøtter og på basen/mål ved Fosstemmen fekk de saft, kaffe, jødekaker, brownies og frukt 

Takk til alle for ein strålande dag.   ME LEGG UT FLEIRE FOTO PÅ JØSNESET SI FACEBOOKSIDE 

Arrangør: Nasjonalforeningen for folkehelsen - Jøsneset Helselag

Foto: Svanhild Hjorteland Gbada

 

FaceBook
Facebook