1 2 3 4 5 6 8 kjerhammars rundatjs skifts

I løpet av det siste året er det blitt kjøpt inn ein del trimapparat og treningsutstyr, og det er rigga til eit treningstilbod i gymbygget på Jøsneset. Meininga er at ....

...folk skal kunne gå her å trene fleksibelt og på eigen hand når de måtte ønskje. Det er nå montert ein kodelås på ei av inngangsdørene, som gjer at me kan gjere dette fleksibelt utan behov for utlån av nøklar. Alle som ønskjer å nytte seg av tilbodet betaler ei avgift på kr 300 pr år, så får ein tilgang til koden.  Alt dette vil det bli informert om på OPNINGSDAGEN. 

Me får då besøk av Anita Topp Sandvik som driv TOPP treningssenter på Hjelmeland. Ho er er personleg trenar PS og kan lage individuelle treningsplanar for folk i alle aldrar og for ulike behov.  Desse planane kan du då følgje opp hos henne på Hjelmeland og/eller på eigenhand her på Jøsneset.   Har du litt vondt både her og der og er litt stiv og støl? Det er veldig lite av fysisk aktivitet som skal til før du blir veldig mykje betre !  

Anita Topp Sandvik vil òg ha eit fokus på trening for eldre, og instruere om enkle øvingar som gjer godt - og som du kan gjere heime hjå deg sjøl eller gjere vha apparat eller utstyr på treningsrommet.  Eller kanskje nokon kunne tenkt seg litt trening i forbindelse med den jamnlege Seniortreffen?  Det er iallefall tilbod og moglegheit for det nå.   Anita gjer tips om korleis ein kan kome i gong, og ho tilbyr òg eit opplegg for denne brukargruppa på Hjelmeland.

Kom på OPNINGSDAGEN og bli inspirert til å trene litt - aleine eller i lag med andre på den faste TORSDAGSTRIMMEN

Treningsutstyret og apparatene er kjøpt inn av både  JØSNESET BYGDARÅD  som òg driftar lokalet

og  JØSNESET HELSELAG 



Ein god del er finansiert vha ExtraExpress-midler som Jøsneset Helselag har mottat frå Extrastiftelsen

 

Jøsneset Helselag har òg mottatt støtte frå Frivilligfondet i Hjelmeland kommune til vidareutvikling og oppussing slik at lokalene blir litt trivelegare.  Dette er arbeid som vil bli utført på dugnad.

 

 Takk for alle bidrag ! 

 

 

 

FaceBook
Facebook