1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Dugnadsåndå har ridd Jøsnesbuen dei siste vekene - både i låglandet og her i høglandet : Nå er gapahuken "Kalvagaren" ved Fosstemmen klar for innrykk av hordar av turglade heiavandrarar - nå òg med eiga badestrand !! Dette er basen for arrangementet HARDHAUSEN og 3-NUTSTUREN.  Her blir sekretariatet å finne frå start kl 9.00 og heile dagen 15.MAI.

Fosstemmen er eit populært turmål i seg sjølv - og om du ikkje har lyst å gå på toppane på dette arrangementet - då kan du jo ta turen til Fosstemmen. Her er det fyr på bålet heile dagen, kaffe på kjelen, kano til å padle i  og naturskjønne omgjevnader. For eit par veker sidan var ein gjeng på 17 stk på dugnad ved Fosstemmen:


Ved blei kjørt opp og lødd på plass inne og utanfor gapahuken.

Flinke folk  - og flott tilbud for alle glade turgåarar - med bålgrue, benker under tak og ved til bålet på plass ! Det blei òg rydda vegetasjon langs demningen så det blir opnare og finare.  Og ikkje minst - det blei laga badestrand:


Finfin sand frå Årdal er kjørt opp og blir her fordelt ut på land og i vatnet. Nå blir det jippi-kjekt å bade her for store og for små. God sandbotn ! Prosjektet er i regi Jøsneset Bygdaråd som mottok midlar til sanden frå Marine Harvest Fondet.



Ei vekes tid seinare - etter at varmen hadde satt inn - var det ein ny/liten dugnadsgjeng i sving ved Fosstemmen. Nå var det meir einer og kratt som blei rydda vekk - i området mellom vatnet og turposten....


....og slik ser det ut der nå  - Fosstemmen er altså "nypussa" og klar og kaller på DEG !! Ta turen !!

1.pinsedag - 15.mai er det nye dugnadsfolk som er klare i området - då sit folk frå Jøsneset Helselag klar i sekretariatet ved "Kalvagaren" og registrerer "Hardhausar" inn og ut - Jøsneset Ungdomslag er òg klar for arrangementet med m.a. nøttestasjon ein eller anna stad i nærleiken av ein topp !

VELKOMMEN  !!! Info om Hardhausen og 3-nutsturen finn du HER.

 

 

 

 

 

FaceBook
Facebook