1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Fram med turskoa og gjer deg klar for vårens vakraste eventyr.

Søndag 15.mai (1.Pinsedag) arrangerer JUL og Helselaget 

Hardhausen og 3-nut-tur

 

Flott topptur , midt i hjarta av Ryfylke.

 

3-nuts-tur: Gunlanuten, Røssenibben og Valafjedle

Hardhaus: 3-nutane + Norda Høgaste på Herefjellet.

 
Alle stiane er merka med skilt "Hardhausen" og/eller stadnamn og røde merker. Dette er kun eit oversiktskart som blir utdelt ved start. Det er lov å ta "snarvegar" eller andre vegvalg enn her vist, så lenge du er oppom alle toppane - Dersom du ikkje er lokalkjent så kan det difor vere smart å ha med eige turkart.

Start kl 09:00-11:00 ved "Kalvagaren"ved Fosstemmen - ca 40 min gåtid på bratt skogsveg frå Foss el merka sti frå Åsland. Fosstemmen ligg ca 380 moh.

Om du ynskjer transport til startpunktet, kan du møte opp på Foss kl. 08:30.

Dersom du ynskjer å køyre opp til  startområde sjølv, er det også ei moglegheit.

Men det er begrensa med parkering.

Det er IKKJE om å gjere å gå fortast !! Men den som kjem nærast den hemmelege idealtida, vinn konkurransen. Det er premiering både for HARDHAUSEN (alle 4 toppar) og 3-NUTSTUR !!

 

Deltakaravgift:

medlemmer i JUL / Helselaget 100kr

Familie   250kr

Ikkje medlemmer  150kr

Barn  (1-10kl) 50kr

HUGS KONTANTER

 Fyr på bålet/grillen ved Fosstemmen heile dagen - servering av kaffe her.

Ta med grillmat og elles mat, drikke og klær etter vèret.

KORLEIS KOME SEG TIL JØSNESET??
Frå Stavanger: ta Tauferja - kjør RV13 til Hjelmeland. Ferje over til Nesvik. Sving av til venstre mot Skiftun og deretter til høgre til Foss. Ca 2,5 km frå ferjekaien.
Frå Suldal: kjør RV13 til Nesvik, sving av mot høgre til Skiftun og deretter til høgre til Foss

Du kan òg starte turen frå Åsland: kjør då frå Nesvik ca 3km, sving mot høgre til Åsland, følg vegen heilt til endes - vidare på sti til Fosstemmen

Kart over halvøya Jøsneset. Startpunktet Fosstemmen 380 moh er vist med rød markør.
Toppane ligg i dei kvite/høge områda rundt startområdet. Du har utsikt mot tre fjordar; så kvar topp har flott utsikt å by på.

 
klikk på kartet, så kjem du inn i Google-Maps

 
klikk på kartet så kjem du inn i UT-kartet

 

Helsing

JUL og Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag


frå Røssenibben - 2013

Mellom Røssenibben og Valafjell 2012

FaceBook
Facebook