1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Kven var gladast mon? Folket på Tonå? ....eller Kasper sjølv?   Hunden Kasper dukka nemlig plutseleg opp att i heimen laughing- etter å ha vore sporlaust forsvunnen i nesten ei veke. Familien Auglend og naboar/venner har leita og leita og leita- og Kasper har vore etterlyst i sosiale mediar. Han var borte med eit langt band/kjetting på seg - så matmor Anne frykta for at han hadde satt seg fast ein eller annan stad - ein situasjon som kunne blitt skjebnesvanger.  Hennar teori er framleis at det var det som var skjedd; men Kasper må han ha klart å lirke seg ut av bandet heilt på eigen hand, for han dukka opp utan bandet.  Dei siste dagane har fleire hørt hundebjeff i skogen på Foss - og her har det vore leita av fleire i alle krinkelkrokar. Men terrenget er kronglete og skogen tett - og bjeffa kom så sjeldan at det var vanskeleg å orientere seg kor det kom frå. Men - Kasper fiksa sakene sjølv til slutt - for plutselig stod han på døra heime på Tonå ørtidleg fredag morgon !!  Ein lykkeleg slutt altså !!

FaceBook
Facebook