1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Alle i bygda inviteres til felles søndagskos på skuleplassen nå SØNDAG 24.august kl 18.00.  Me har masse å feire: sola, sommarværet som endeleg kom, skulestart, sjø-fiberkabelen som er på veg inn, nyasfaltert veg, makrellsesongen, bygda vår, oss sjøl og ikkje minst nye tilskudd til Jøsneset !!!....mellom anna den norsk/mexicanske familien som har flytta til Foss Smile. Me fyrer opp bålpannå, og griller og koker kaffe her. Bygdarådet spanderer hamburgerar - resten av grillmat/tilbehør tar dokke med sjøl. Elles blir det private bidrag i form av steikte lappar m/syltetøy og kaker, kaffe/te og saft !! Alt gratis - og ALLE er invitert !!!  Me tar dette uformelt og ute på skuleplassen: her er det godt med bord og benker - og ikkje minst BALLBINGE - så me reknar med det blir full fart og stor spenning med fotballkamp der. Leikeapparat for dei miste !!  Velkommen til ein koseleg og sosial seinsommardag på tvers av generasjonane i lag med medbygdingane dine !!

 

FaceBook
Facebook