1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

For ein gjeng !!
Mandag var det skulestart, og på Fosskrossen blei det nærast "trafikk-kaos"Wink då alle desse 9 skuleborna frå Foss skulle ta skulebussen. For nå er det ikkje nok med den eine bussen; nei,bussjåfør Andreas frå Jøsenfjorden må svinge utom for å hente nokre av dei, for at alle skal få plass.   Her er skulegjengen frå Foss samla på Fosskrossen. Nytt av året er dei 4 skulegutane frå Mexico som har flytta til Foss, saman med mor -  slekt av Elisabeth Førre Smile- gutane ute til høgre i bildet.   Me ønskjer samtidig familien hjarteleg velkomne til Jøsneset !!! Bravo Foss - nå tronar de òg på nyinnflyttingstoppen på Jøsneset !



Me seier òg BRAVO TIL  FOSSÅ !! Nytt av året er dette byggverket - spesialtilpassa dei to skulegutane frå Fosså. I Fossåkrysset har hittil Runar og Vebjørn stått ute og venta på bussen i vær og uvær. Dette hadde Vebjørn ein plan for. På eigenhand har han planlagd og snekra dette buss-skuret! Veldig godt tilpassa bruken: to stolar - ein til Runar og ein til seg. Bord i midten med  oppbevaringsrom for......tja,....kanskje Cola..? Polstra seter på kassar - merket "god kvalitet". Torv på taket og brunbeisa.... Og med vindu ut mot verda og vegen for å kunne følgje med på trafikken .

Joda, Vebjørn - du er nr 1 !!

Foto: Sven Westersjø.

FaceBook
Facebook