1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Det jobbast intenst på Jøsneset desse junidagane!!  Me førebur til den store avslutningsfesten for Jøsneset skule på fredag. Ein av mange førebuingar er å få klar "samlede verk" av Jøsnesposten. Komplett utgåve av 32 årgangar er nå under produksjon, og me håpar at desse blir klar for salg på avslutningskvelden.

På Jøsneset har me gode tradisjonar med å gjere ting på dugnad på tvers av generasjonar: både skulebarn og foreldre står nå på i ett for å bli ferdige.


Skulle gjerne tatt oss tid til å lese alt godstoffet her: men det får vente.  Ein ting er sikkert: Me kan love dykk kun ultralokalt lesestoff !! I tjukke bind !!

 

FaceBook
Facebook