1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag

         

       Jøsneset Ungdomslag

 

Først og fremst så vil me retta ei stor takk til alle dykk som er så tøffe som tar sekken på ryggen, sko på føtene, masse turglede, og legg ut på 3-nut tur eller hardhaus 1.pinsedag. Nokre har gått alle seks åra den er blitt arrangert andre gjekk i år turen for første gong. 

Her kjem resultata får årets arrangement.

Idealtida for 3-nut tur var 5 t 10 min.

Her måtte me ha loddtrekning då det var fire stk som var nærast med to minutts forskjell. Vinnaren av loddtrekninga vart Solveig Eriksen, ho gjekk på 5 t 8 min og ho gjekk turen for første gong.

Idealtida for Hardhausen var 6 t 30 min.

Vinnaren her vart Ronja Foss  7år som gjekk på 6 t 23 min. Ho deltok for andre året, men fyrste gong på Hardhaus. Ho er også den yngste deltakaren som har gjennomført Hardhausen.

Premien for idelatid var stormkjøkken.

I tillegg vart det trekt ut 3 vinnerar frå startlista. Desse fekk seg ei lita overrasking ved målgang.

Vinnerane her vart:

Runar Fossaa - Thermos\Flaske

Roald Jensen - Refleksvest

Tove Opedal - Tursekk.

Det var totalt 68 som starta og 18 av dei gjekk for fyrste gong.

 

 

 

FaceBook
Facebook