Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
- Info frå Lnett om planlagd straumstans 12.mai
- Melding fra anlegget ved Fosså
- Me møtast på Fosstemmen 9.mai
- Hjartemarsj rundt Nullen 1.mai
- Ryddedag - oppmøte Grendahuset
- Har du bil og litt ledig tid?
- Møte på bedehuset 12. april
- Seniorlunsj 60 +
- Nytt datasenter i rute
- Stor stemning på Jøsnesmeisterskap i bordtennis
Kom på kafè og støtt TV-aksjonen for Redd Barna
I år går inntektene frå NRK sin TV-aksjon til Redd Barna, og temaet "La barn leve i fred" er dessverre svært aktuelt. Pengane frå årets aksjon går mellom anna til å gje barn hjelp til å handtera vonde opplevingar etter krig; du kan lesa meir om årets aksjon og kva pengane går til her. Etter kafèen på søndag tek bøsseberarar frå Bygdarådet ein runde i bygda slik at alle har høve til å bidra, du kan venta dei mellom kl 16 og 18.
Frå Foss til EM i volleyball
I haust flytta Norunn Westersjø til Sand for å starta på Topp volley Norge, ein vidaregåande skule med om lag 20 timar volleyballtrening i veka. No er ho teken ut til landslagssamling med Jenter17 som skal spele 1. runde av kvalifisering til EM!
Melding fra anlegget ved Fosså
Driftsleiar ved fiskeoppdrettet ved Fosså har følgande melding:
Torsdagstreninga
Me startar så smått med TORSDAGSTRENING igjen - kvar torsdag kl 19.30 i gymsalen/treningsrommet på Jøsneset Grendahus!
Her er det verken høg terskel, opptakskrav eller audition - Kom som du er, uansett form og alder.
Det blir oppvarming, styrketreningsøvingar og utstrekk
Valdag mandag 11 september
Måndag 11. september er den store valdagen i Norge ! Då er det både kommune-og fylkestingsval + kyrkjeval. Begge desse vala finn stad på Jøsneset Grendasenter, Jøsnesvegen 231, nærare bestemt i dei to gamle klasseromma på gamleskulen, to ulike inngangar.
Meir info her om: KOMMUNE-OG FYLKESTINGVAL og om KYRKJEVAL.
Opningstidene er kl 14.00 - 18.30.
GODT VAL !!