Nytt frå Strandbuen
- Båtforeninger vokter båtene sine: – Tyvene blir stadig frekkere
- Politiet rykka ut til tips om våpenbruk
- Jonas har sluttet i Easee – nå forteller han om de nye planene
- På lørdag kan du slå et golfslag for bekjempelse av barnekreft
- Randi rosar rektor: – Ho er ærleg nok til å seia det ho meiner i ei betent sak
Siste nytt
- Info frå Lnett om planlagd straumstans 12.mai
- Melding fra anlegget ved Fosså
- Me møtast på Fosstemmen 9.mai
- Hjartemarsj rundt Nullen 1.mai
- Ryddedag - oppmøte Grendahuset
- Har du bil og litt ledig tid?
- Møte på bedehuset 12. april
- Seniorlunsj 60 +
- Nytt datasenter i rute
- Stor stemning på Jøsnesmeisterskap i bordtennis
Ny jøsnesbu
Det er blitt såpass sjelden kost med nye jøsnesbuar at Bygdarådet gjorde litt ekstra stas på den yngste innbyggaren
Johan Fosså og Tone Tårland fekk ei fin, lita jøsnesjente som framover kan nyta utsikten over Solbygda og fjorden. Leiar i Bygdarådet ønskte henne velkommen med blomar, og me håper å dela ut fleire slike bukettar framover!
Ny mur ved ballbingen
Uteområdet ved ballbingen har fått ein ny natursteinsmur lødd av Leiv Nesvik, med god hjelp frå fleire frivillige i bygda. Resultatet er fantastisk flott!
Tid for å betala treningsavgift
For kun kr 400,- får du tilgang til treningsrom og gymsal på Grendahuset heile 2024! NB!! NYTT VIPPSNUMMER 911348
Årsmøte Jøsneset Bedehus
Innkalling til årsmøte på Grendahuset mandag 11. mars kl 18.30
Rett før årsmøtet til Jøsneset Bygdaråd som starer kl 19.00
Saksliste:
1. Godkjenning av innkalling
2. Val av møteleiar og to til å skriva under årsmøtereferatet
3. Godkjenning av årsmelding for 2023
4. Godkjenning av rekneskap for 2023 og budsjett for 2024
5. Val
6. Informasjon om inngangspartiet
7. Innkomne saker
Viss nokon ønsker ein sak til behandling må styreleiar Ellen Mari Fosså ha dette innan 4. mars
Styret for bedehuset
Ellen Mari Fosså, styreleiar
Hanne Tjeltveit, kasserar
Helga Havnerås, nestleiar på valg
Anne Tjeltveit, styremedlem på valg
Trygve Brandal, sekretær på valg
Bygdarådet sitt årsmøte 11. mars
Mandag 11. mars blir det årsmøte i Jøsneset Bygdaråd på Grendahuset klokka 19.
Sakliste:
1. Val av møteleiar
2. Godkjenning av innkalling og sakliste
3. Årsmelding for Jøsneset Bygdaråd 2023
4. Rekneskap og budsjett for Jøsneset Bygdaråd 2023
5. Val
6. Diverse orienteringar
7. Eventuelt
Dersom ein har saker som det er ønske om å setja på saklista, må desse meldast inn til Bygdarådet seinast 4. mars til epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller til leiar Oddvar Skiftun på tlf 41915215.
Det blir servert kaffi og kake!