Under budsjettbehandlinga 12.12.07, sa kommunestyret JA til scene i gymsalen på Jøsneset ! Dermed har fleirtalet av politikarane halde det dei lovte på valkamp-møtet i september.
Som kjent har Ungdomslaget garantert for inntil 1/3 av kostnadene, avgrensa oppad til 250 000,- dersom kommunen òg bidreg med 1/3. Dette gjekk altså inn i kommunebudsjettet.
Eit av fleire vilkår knytt til garantien frå Ungdomslaget er at bygget skal frå grendehus-status, i tillegg til det primære som er gymsal/skule.
Då er me kome eit gledeleg skritt vidare mot realisering. Neste skritt i finansieringsplanen er 1/3 tippemidler. Søknadsprosessen er allereie i full sving, og søknad blir sendt til Fylkeskommunen i starten på januar 08.
Nytt frå Strandbuen
- Strand-ordføreren hadde håpet på mer penger: – Et bittelite grep i rett retning
- Mykje har endra seg det siste året for Brage (24) – er storskårar for annan klubb og har ny jobb
- Russ var så plagsom at politiet ble oppringt
- Nei til stort energislukende datalagringssenter på indrefilet-areal i bykjernen
- Person falt og slo hodet