På sjølvaste julemorgon fekk Svanhild og Jakob (for det var berre dei som var oppe) i Skiftu ein majestetisk julegjest på besøk i hagen!! Det starta med at ein stor flokk måkar "faug som galne" nede ved sjøen...hm...kva går av dei?? Like etterpå kom ei diger HAVØRN og satte seg i tretoppen kun 15 m frå stoveglaset. Ho var nok på jakt etter ein liten måkefrokust, me lykkast ikkje denne dagen. Så ho satte seg og kvilte utanfor glaset vårt så lenge at me fekk studert, tatt bilder og filma gjesten. Deretter spreidde ho sitt ca 1,5 m lange vingespenn og segla elegant vidare forbi Kjerhammar og bort mot Knutsvik. Flott syn !!
Nytt frå Strandbuen
- Nils får 100.000 kroner til å utvikla seg vidare – jublar over mulegheitene det gir
- Hole in one, firlinger og verdensmester – dette skjedde i 2002
- Strekning på riksveg 13 blir manuelt dirigert i en måned
- Diskuterte om Strand har plass til kjernekraftverk
- Har noe informasjon om brannårsaken – vurderer å sende krimteknikere til Jørpeland