og nå er scenetilbygget i ferd med å reise seg.
Ser ikkje ut som kulde og slaps i februar stansar karane frå Hjelmeland Bygg. Dei snekrar i veg og er blide for det - og nå kan ein alt sjå konturene av korleis bygget kjem til å bli. Scenen blir altså bygd på austre langvegg av gymsalen , og tlbygget inneheld òg ein stor lagerdel. Sjølve scenegolvet blir ca 30 m2, og det blir to små påkledningsrom bak scenen.
Så langt har både grunn- og snekkerarbeid gått heilt etter planen, og rektor melder at arbeidarane har tilpassa seg skule-og barnehageaktivitetane på ein god og tilfredsstillande måte.