Grunna koronasituasjonen i landet, blir den tradisjonelle påskebasaren på bedehuset avlyst. Bedehuset har dette året hatt store utgifter i samband med drenering rundt huset og roteskade i kjellaren. Vi vil framleis trenge penger til vidare arbeid med kjellaren og universell utforming i inngangspartiet, og vi vil difor prøve å få i stand ein basar når dette er over. Elles minnar vi om at ein enno kan gi bidrag til bedehuset gjennom kronerulling til kontonr: 3353 22 06621.
Bedehusstyret
Nytt frå Strandbuen
- Slik har Kari tryllet frem drømmehagen på et lite område
- Maren blei ikkje overbevist på folkemøtet – Kjell Ivar blei endå sikrare
- Dette var spørsmåla frå publikum – Nour lurte på korleis folket ville bli høyrd
- Vil sjå framover: – Eit datasenter kan få snøballen til å rulla
- Sjå kven som møtte opp på infomøtet