1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

Songteksten "Det e kje greitt å vera foggel i dag", blir i desse dagar gjort til skamme på Jøsneset. For nå skal det bli riktig så greitt å vere fugl i tida framover!Ein god gjeng bygg-mestrar!

Onsdag i denne veka var det nemlig hektisk byggeaktivitet blandt barna i bygda -  for det var fuglekassebygging som stod på Ungdomslaget sitt barneklubb-program denne kvelden.

I løpet av eit par korte timar blei det snekra og banka relativt intenst ute på skuleplassen. Litt innvikla for dei minste å få bitane til å passe på rett plass, og spikrane til å treffe rett inn i treverket. Men alle jobba bra, og resultatet til slutt blei heile 21 kassar - til ære for både stær og meis !Hektisk byggeaktivitet

Ei varm takk går til ENKEL Bygg og Butikk, som utan meirkostnader både kappa opp alle bitane og leverte de på ferjekaien! Som ei takk for god service blei òg den 22. fuglekassen bygd - og den skal ENKEL få  til sine fuglar !

Alle dei 21 byggmestrane i alderen 4 -13 år fekk med seg sine byggverk heim - og me håpar at kassane er hengt opp, for fuglane er i full aktivitet.

 

Litt samarbeid må til for å få det til å klaffe!    Her gjeld det om å treffe spikeren og ikkje fingeren.  Enkelte snekrar hadde ikkje tid til å sjå opp ein gong

FaceBook
Facebook