1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Jøsneset Framhaldskule frå 1952 hadde nå i august 2012 gjenforeningstreff på Krambulemmen. Det blir meldt om stor gjensynsglede - og mange gode historier frå den felles skuletida blei delt denne dagen og det var god stemning og mykje song. Les meir om denne feiande flotte gjengen, og sjå om du kjenner dei igjen frå 1952Smile

På 2012-bildet ovanfor finn du:
nederst frå venstre:
Kjell Hetlelid, Reidun (Foss) Bergesen, Kjellaug (Bergesen) Lilledal, Ingborg Foss.
Midtre rekkje frå venstre:
Ragnhild Melhus Mellemstrand, Kjellaug(Hjorteland)Fosså og Margit (Nesvik) Meling.
Bakre rekkje frå venstre:
Jon Fosså, Øystein Førre, Einar Fosså og Njål Øie


Og her er same gjengen, og litt fleire, i 1952:

Nedre rekke frå venstre:
Kjell Hetlelid, Reidun Foss, lærar Eikevik, Kjellaug Bergesen og Einar Ellefsen
Midtre rekkje frå venste:
Ragnhild Melhus, Kjellaug Hjorteland, Margit Nesvik og Ingeborg Foss
Bakre rekke frå venstre:
Jon Fosså, Øystein Førre, Einar Fosså, Njål Øie og Jens Langvik.


Ein framhaldskule var altså tidlegare ein skule i Norge som bygde på avslutta 7årig folkeskule, og som var eit mindre teoretisk og meir praktisk retta alternativ til realskulen(middelskulen). Framhaldskulen kunne vere 1, 2 eller 3-årig, og ga ikkje kvalifikasjon for gymnaset (slik realskulen gjorde).  Framhaldskulen blei regulert gjennom eigen lov frå 1947, men etter 1969 blei den del av 9-årig grunnskule.


Bildene og tipset om dette er sendt inn frå Reidun Bergensen.
Me takkar for eit fantastisk hyggeleg tips !

Oppmodinga går til alle alle andre framhaldskule-elevar frå Jøsneset : send oss gjerne  liknande bilder og informasjon!!

sendast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

FaceBook
Facebook