1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Jøsnesjenta Tania Yu Auglend gjer det stort igjen !  Saman med klubbkamerat Kristian Gjersvold tok ho GULL I NM i klassisk sparring Teakwondo under meisterskapet i Trondheim 5-7 november.  Me er imponert over Tania sine prestasjonar på matta! Hjartelege gratulasjonar frå oss på Jøsneset !! Fotograf: Jostein Værnes

Tania og Kristian med gullet rundt halsen for si kampoppvisning, her saman med ein stolt trenar Kjell . Desse representerer Surnadal Taekwondoklubb, som totalt gjorde det godt under meisterskapet med 4 gull, og kom dermed på 6.plass i medaljeoversikten for lag.  Tania er nå praktikant på Nordmøre Folkehøgskule og òg instruktør i Surnadal Teakwondoklubb

Kjekt at dei denne gongen fekk delta på meisterskap fysisk. Tidlegare i år var arrangementene i "digital form", og då gjorde òg Tania det stort, les meir om Tania her.

 

FaceBook
Facebook