Har de lagt merke til kor fint julepynta det er på ferja vår MS Nesvik ? Juletre, glitter, stjerner.....Og ikkje nok med det: I anledning Luciadagen serverte matros Gunn Kleppa nybakte Lussekatter til dei reisande !! Det kallar me flott service, og noko som trøtte pendlarar set pris på !! Takk - Ho fortel òg at ein del av den handlaga julepynten på ferja er laga av barn i barnehagen til ein av dei tilsette. På MS Hydra er det òg julepynta:
Me blir jo glade av å gå innover mot slike salongar som på MS Hyrdra òg !! Og så står jo pynten litt i stil til ferja: litt hightec, ikkje sant ? Sjølv om dei inne i salongen ikkje når heilt opp mot MS Nesvik enda, så har dei virkeleg lagt inn eit godt kort i "kampen" Og lurer du på koss det ser ut inne i salongane, JA - då får du ta deg eit lite julecruise over fjorden !! Takk til mannskapet på begge ferjer for å lyse opp tilværelsen for oss reisande !
Foto: Ellen Mari Fosså og Svanhild H. Gbada