1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Samtidig som verdensnyheten Hydra startar si tjeneste, kjem Norled med fleire gode nyheter. Dei fortel at det i løpet av 2025 skal settast inn ei heilt ny ferje i Ombo-sambandet. Den nye ferja skal vere elektrisk, og ha kapasitet for opptil 20 bilar. Dette fører til at ferjene som går mellom Hjelmeland og Nesvik ikkje lenger vil gå til Ombo.


Norled fortel og at for å sikre nok straum til den nye ferja har dei fått tillatelse til å sette opp ei vindmølle i Knutsvik her på Jøsneset. Knutsvik er valgt på grunn av dei gunstige forholda med tanke på vind.
Vindmølla som skal nyttast er ei av tre vindmøller som skal takast ned frå Fosen. Desse vindmøllene blei solgt billig, og Norled var heldige og fekk sikre seg den eine. Arbeidet med å sette opp vindmølla tek til våren 2024.

For oss på Jøsneset betyr dette at me fra 2025 vil får eit betre ferjetilbod, der me slepp å tenke på om neste ferje er «Ombo-ferje».

FaceBook
Facebook