1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

Takka vere Hanne Tjeltveit sitt "turperle-tips" i Hjelmeland Turlag sin konkurranse "Mi turperle 2020" blei Jøsneset Bygdaråd trekt ut som vinnar av gåvekort på kr 10 000 til friluftsrelaterte tiltak i nærmiljøet.  Bygdarådet har nå montert opp ein stødig benk på dette flotte utsiktspunktet.  Jøsneset Bygdaråd markerte "opninga av benken" samtidig som Turlaget hadde fellesturen Nesvikheia rundt. Her er Hanne + Sondre Fosså og Svanhild Hjorteland som representantar for Jøsneset Bygdaråd sin innsats her.


Hanne fortel at pengegåva blei nytta til fleire friluftsrelaterte tiltak på Jøsneset, mellom anna ei fin lita bru over bekken på stien opp til Sjiddknatten, laga av frivillige i Jøsneset Bygdaråd. Dei har òg kjøpt inn ein vedkløyvar som står i gapahuken på Fosstemmen.  


Her er den fine lille brua som Sondre, Roald og Jostein har snekra over den våte lille bekken i Øspelunddalen, som er på stien opp mellom Nesvik og Sjiddknatten.  Ruta starter same stad som stien til Nesdalsfjell. Følg skogsvegen heilt til topps til du møter skiltet der det står Foss på - følg merka rute til Sjiddknatten. 

"Det etterlengta regnet" kom akkurat i dei timane som "benkeopninga" på Sjiddknatten skjedde, Og det var ikkje så mange frammøtte - Men nå står benken klar å ventar på deg!!  Gråværet dominerte i dag - men denne staden er som skapt for kveldshimmel-turar  - me oppmodar folk om å sende inn sine kveldshimmelbilder framover !

Same dagen hadde Hjelmeland Turlag fellestur Nesvikheia rundt, med Rasin Tjeltveit og Kåre Nesvik som kjentmenn.  Du kan sjå bilde og lese om turen på Facebooksida til Hjelmeland Turlag

 

Same

 

 

FaceBook
Facebook