1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

Kulturkontoret si Kodejakt 2021 har starta!  Det er utplassert 11 kodar på turmål spreidd rundt i kommunen. Gå turen finn koden, meld inn og bli med i trekninga. Også i år er ein kode plassert på Jøsneset - I år er det på VALAFJELLET 713 moh 

Her finn du meir info om Kodekjakta

 

På Valafjellet er det flott utsikt ut over heile Ombofjordbassenget, og rett over til Hjelmeland.  Det er enkelt å kome seg dit: du kan gå frå Foss; følgje skogsvegen ca 5 km innover til Skiftustølvatnet. Derfra på sti retning Gunlanuten. Like ovanfor Grøna Lia står det eit skilt til Valafjellet, ta av ut mot sør og opp til toppen.  Valafjellet kan òg kombinerast med tur til Røssenibben og Gunlanuten, om du vil ha litt meir utfordring. 


Det er òg veldig fint å gå opp/ned på sørvest-sida av Valafjellet; Obs: her er ikkje merka sti, men kun hjortetråkk. Du kan då ta av frå skogsvegen litt før Krokastemmen, og gå på skrå sørover i terrenget, før det etterkvart dreiar og stig bratt på oppover mot nuten. På denne ruta får du mykje meir utsikt utover Fossstemmen/Fossmarka som på fotoet, og òg meir utsikt ut over fjorden  !

God tur. 

Kartskissa viser "utsiktsruta" til/frå Valafjellet  - her er det ikkje merka sti, men temmeleg tydeleg hjortatråkk

 

 

FaceBook
Facebook