1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Foto: Eldfinn Austigard

Jøsneset Bygdaråd stilde på stand på  Tilflyttardagen på Spinneriet søndag. Arrangementen var i kommunal regi, var gratis og ope for alle, men med særskild fokus på siste års tilflytterar til kommunen. Alle bygdaråda i kommunen var invitert til å ha stand; men Jøsneset var einaste bygd som stilde "live" - og det gjorde me saman med politiske partier, kommunen og dei to lokale bankane.

Bygdarådet stilde med "Jøsneset 200 i 2020"-banneren og tilhøyrande T-skjorter - for å bleste litt om vårt eige tilflyttarprosjekt, der målet er å auke folketalet i bygda, og aller aller aller helst auke barnetalet relativt kjapt slik at me kan behalde barnehagen i bygda. Elles hadde me laga til ein fotopresentasjon av bygda som rulla og gjekk på skjerm + fotoutstilling av Solveig Bog Bouzane. Me hadde òg med turstibrosjyrar og lokale smakeprøvar; frukt, eplesaft og goodies frå NaustetWink

Det var eit flott arrangement med thaimat-kafè, gratis kaffe og masse frukt, klovneforestilling, kunstutstilling og helsing frå ordføraren. Slik flott ramme rundt arrangementet hadde fortjent fullt hus - desverre var det ikkje så veldig mange så møtte opp.

Arrangementet opna med flott fiolinmusikk framført av fire kultuskule-elevar; og òg der stilde jøsnesbuar sterkt: Elise og Kristiane spelde saman med to jenter frå Årdal og Randøy - og dei imponerte stort alle fire !!


Foto: Svanhild H Gbada

 

 

 

 

 

 

 

FaceBook
Facebook