1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower



Jøsnesbygda kjempa for å behalde skulen - men tapte !  Nå ER skulen historie! Likevel klarte bygdefolket saman å skape ei festleg og verdig avslutning for denne viktige bygdeinstitusjonen. 170 påmeldte frå alle generasjonar var samla - og det var både nåtid - fortid og framtid som stod i fokus.

Dagens elevar ved Jøsneset skule - og Kulturskulen - representerte nåtida - og kjørte eit nesten times-langt program med dans, song, musikk og skodespel.  Etter førestillinga fekk dei roser av rektor Rasin !


Elevframføringa fokuserte på kontrastar; skule før - nå . Imponerande timing og herleg sangglede!! Tydeleg òg at dei har veldig gode hjelparar - lærarane !! Hurra !!

 


Dei tilsette blei takka av rektor Rasin - òg dei fekk kvar sin blom - før dei nå går kvar til sitt på nye arbeidsplasser utanfor bygda......medan rektor Rasin kunne fortelje at han (etter mange kvaler) nå har vald å gå av med tidleg-pensjon. 

 

Matfriminutt :  Ute venta maten - og ei fantastisk marsipankake. Alle kjenner vel igjen Jøsneset skule i kaka !!! og bygda rundt !
Skulen har i alle år vore hjarta i bygda - og nettopp dette skulle kaka symbolisere ! Og vidare: dette var òg var målet med kvelden - å vise kva skulen har betydd for bygda.

 

Det var duka til eit stort matbord ute i ballbingen - og det var deilig å ha ein lang god pause for mat og prat i sommarsola. Gamle kjende møttes igjen - og drøsen gjekk.

Mon eg sko ta meg eit stykke ?


Jaaaa, me tar oss ein bit !! Mmmmm - kaka smaka veeeeldig godt !!!

 


Triveleg sommarstemning rundt mat/kake-bordet og kaffekoppane gjekk unna.

Laus prat rundt uteborda - generasjonar på tvers.


Sikkert litt mimring frå "gamle dar " her òg ??

 


Etter "matfriminuttet" var kvelden via til minnene !  Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa er ei av dei som har minner frå Jøsneset skule - og jammen kunne ho kunsten om å DELE minner - ein enorm hukommelse og detaljrikdom i hennar minner frå tida som lærar på Jøsneset i 67/68 : som u-utdanna 18-19 åring kom ho hit og fekk ansvar for heile elevflokken aleine - og lærde bygdefolket òg å kjenne! Eit varmt,  humoristisk og knagande godt innlegg frå "na Magnhild"

 


Svein Hauge kom eins ærend frå Notodden - for òg å dele rike minner !! Han er son av lærar-ikonet Andreas Hauge (som var einaste lærar på Jøsneset eit par tiår på 40-50-60-talet) Svein er født og oppvaksen på Jøsneset skule - der barnehagen er nå - og kunne konstatere at tapeten på soverommet (som nå er lager) framleis er den same. Svein tok oss med på ei reise tilbake til barndommens rike; og i bilderike ordelag skildra han ein skulesal som eima av kropp og kritt, og ei bygd som anga av nyslått høy  - vakkert og poetisk !


5 generasjonar delte med salen "Min skule"  - Vebjørn Fosså, Frode Tjeltveit, Ellen Mari Fosså, Elisabet Førre og Arthur Westersjø - vinkla det kvar på sin måte.

 

Og minnene fortsette utover den lange kvelden - minner frå små og minner frå store, minner frå unge og minner frå eldre!!

Minner er best når de blir delt med andre.
Skulen blei tatt  -  men minnene kan aldri tas.

Den minnerike kvelden lever vidare inn i framtida !

Takk til alle som delte !!

Helsing frå foreldrene blei opplese av Silje Sværen, Sven Westersjø, Oddbjørn Fossaa og Odd Fosså

Kvelden slutta framtidsretta og  optimistisk - med songen OPTIMIST i eigen/lokalskriven variant for anledningen:
Framført av Silje og Sigbjørn.

Herleg  punktum finale !!!

 

 Alle foto: Solveig Bog Bouzane og Ingeborg Westersjø

 

FaceBook
Facebook