1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Sjølv om været er fint og tørt om dagen, lever brunsneglane i beste velgåande! Me oppmodar derfor ALLE til å gjera ein innsats for å bli kvitt desse uønska gjestene, og inviterer til "snegledugnad"

 

 

Møt opp onsdag 18. juni klokka 18:30 hos Silje Sværen på Bøen!

Slik gjer du:

- finn deg ei bøtte el.l. med lokk. Gå ut seint om kvelden eller tidlig om morgonen og plukk små og store snegler opp i bøtta. Sett på lokket og oppbevar godsakene i skyggen fram til onsdag.

- møt opp onsdag kl 18:30 med sneglane du har funne. Det gjer ingen ting om du ikkje finn så mange, me deler på dei me har!
- me smittar sneglane med Nemaslug som inneheld snegleparasittar.
- alle tek med seg dei smitta sneglane heim, drep dei ved å klippe dei i to, og legg dei ut som åte til andre sneglar.

Så satsar me på at brunsneglane i bygda går usikre tider i møte!

FaceBook
Facebook