Makrellsesongen er i full sving - og stor, feit, fin makrell blir pakka i isoporkassar for eksport på Skiftun Fiskemottak. Oddvar og Rasin er begge ivrige makrellfiskarar frå Jøsneset, og dei leverte tilsaman 4 tonn i dag. I tillegg var det leveranse frå andre lokale fiskarar og tilsaman blei det pakka 9 tonn denne nydelege maikvelden. Det er eit heilt "apparat" som blir sett i verk når pakkinga pågår; Kåre Hansen er sentral i arbeidet og alle fiskarane sjølv deltar - i tillegg treng dei arbeidshjelp frå skuleungdom og andre i bygda. Triveleg har dei det, der utpå kaikanten på Skiftun !
Nytt frå Strandbuen
- Astrid (32) prøvde ut to yrke før ho fann draumejobben: – Først nå får eg bruka meg slik eg ønsker
- Debatten om datasenter: – Det er få som vil satse pengene sine en plass der avgjørelser snur med vinden
- Ser du dette flagget, bør du være meget forsiktig
- Heldigvis var det ikkje sju gifteklare systrer, men sju sysken som fann vegen hit
- Alle elskar Amjd (33) – sjølv har han eit stort sakn