1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

De har sikkert lagt merke til at det nå er sett opp skilt med vegnamn og nummertilvising på Jøsneset. Dette er ledd i kommunen sitt adresseringsprosjekt. Alle vil få tilsendt brev med nærare informasjon. Me har førebels fått følgjande informasjon frå kommunen om dette:

"Vegskilt og tilvisningsskilt er nå satt opp i Jøsenfjorden og på Jøsneset. Vi er dessverre litt på etterskot med tilskriving av brev, men i løpet av 14 dagar skal alle grunneigarar få brev med melding om planlagt vegadresse for dei enkelte hus.

Det har kome ein del spørsmål om kva som er prinsippet for tildeling av adressenummer. Det fins to typer nummerering – kantnummerering og avstandsnummerering. Både i Jøsenfjorden og på Jøsneset er det avstandsnummerering som blir brukt. Dvs at adressenummeret er antal meter frå start på vegen og til avkjøringa – ganger med ti. Dvs adressenummer 27 har avkjøring ca 270m frå start på vegen. Sjå meir informasjon om adressetildeling i INFOSKRIVET– dette blir og lagt ved i brevet som kjem.
 

Plan-og utvikling, Hjelmeland kommune"

 

 

FaceBook
Facebook