1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower


Laurdag 14 desember var det tid for både julebad, julegraut, julegløgg og sjølvsagt  "sprang" rundt juletreet. Det heile i og rundt Kogekjellå på Foss - og utdeling av mandariner frå ein veldig snodig firbeint Nisse ved namn "HelgøyPrinsen"....ja og så var lokalavisa STRANDBUEN på besøk og laga både avisreportasje og videosnutt.

Klikk på bidet for å sjå videosnutten:

 


Her kjem den firbeinte "Nissefar" alias "HelgøyPrinsen" med Norunn på ryggen og under leiing av Kristiane.......utdeling av mandariner !! Me trudde først det var ein liten ponny, men neida, VÆRdags-kjendisen er med!!

1 -2 - 3 ---Baderane har kasta morgenkåpene og skrider uti Kogekjellå

Juhuu...her blir det fart på blodomløpet og Nissane er snart klare for varm julegraut!

Flott kveldshimmel over Foss, og deilig med varm bålpanne for kalde baderar.

Dans rundt juletreet blei det sjølvsagt òg .....det blei ein utfordrande aktivitet med eit svært levande juletre som hoppa og spratt i lag med resten av flokken så pærer spratt og treet datt.

Når "Nissen" har gjort sitt, så går den.....takk for mandariner Nissefar....kanskje me ser deg snart igjen?


Kjekt og friskt arrangement som du nok kan lese meir om i papir-onsdagsutgåva av STRANDBUEN !

....men forresten:
Me kan vel ikkje heilt sei at julebadet er unnagjort; det er jo enda ein lørdag til før jul
Då blir det JULEBAD på lørdag 21des kl 16.

 

FaceBook
Facebook